Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 20. Delingar

Inndelingslova·Kapittel V. Økonomisk oppgjer ved grensejustering og deling av kommunar og fylke·Sist endret 1. januar 2014

Delingar

Blir ein kommune eller eit fylke delt, jf. § 3 andre ledd, skal § 19 første ledd tilsvarande gjelde forvaltningseigedom som fullt ut eller i svært stor grad tener eitt bestemt område. Annan eigedom og andre plikter blir å fordele mellom dei kommunar eller fylkeskommunar områda blir lagde til. Fordelinga blir gjort på grunnlag av eit forholdstal som blir rekna ut etter skatteinntektene i dei siste fem åra i kvart av områda, med mindre skjønnsnemnda av særlege grunnar fastset noko anna. Så framt det er mogleg, skal oppgjeret gjennomførast slik: 1) Fast eigedom blir lagt til den kommunen eller fylkeskommunen som må reknast som mest rettkomen til den ut frå folketalet og innbyggjarane sine behov og plasseringa av eigedommen – også i høve til andre anlegg. 2) Gjeld blir fordelt i forhold til dei omsetjelege verdiane som blir overtekne. 3) Andre tilgodehavande og plikter blir overtekne av den kommunen eller fylkeskommunen som etter forholda blir rekna som nærmast til å overta dei. 4) Anlegg med rettar og plikter som det etter delinga ikkje er rimeleg at nokon enkelt kommune eller fylkeskommune tek over, kan påbydast nytta i fellesskap av to eller fleire av kommunane eller fylkeskommunane. Har nokon kommune eller fylkeskommune ved fordelinga av rettar og plikter teke over meir eller mindre enn det som følgjer av forholdstalet, skal det jamnast ut i pengar.

Når en kommune eller et fylke deles, skal eiendom og forpliktelser fordeles mellom de nye områdene. Fordelingen skjer i utgangspunktet basert på skatteinntekter, men kan justeres av en skjønnsnemnd. Eventuelle avvik fra forholdstallet skal utjevnes med penger.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 21 juni 2013 nr. 94 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 735).

Se ogsåInndelingslova § 3Inndelingslova § 19omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Se også2
Referert av1
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 20 i inndelingslova.

Les hele loven i sammenheng →