Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 23. Skjønnsnemnd og overskjønnsnemnd

Inndelingslova·Kapittel V. Økonomisk oppgjer ved grensejustering og deling av kommunar og fylke·Sist endret 1. november 2019

Skjønnsnemnd og overskjønnsnemnd

Kommune eller fylkeskommune som er omfatta av grenseendring etter denne lova, kan innan eitt år etter at vedtaket er sett i verk, krevje at det økonomiske oppgjeret – eller delar av det – skal fastsetjast ved skjønn, så framt partane først har prøvd å kome til semje om eit økonomisk oppgjer. Til å fastsetje slikt skjønn nemner departementet opp ei skjønnsnemnd på tre medlemmer med varamedlemmer. Nemnda skal ha ein funksjonsperiode på fire år. Kvar av partane kan innan to månader etter at dei har teke i mot avgjerda til skjønnsnemnda, reise saka for ei overskjønnsnemnd til endeleg avgjerd. Departementet nemner opp overskjønnsnemnda, som skal ha tre medlemmer med varamedlemmer. Nemnda skal ha ein funksjonsperiode på fire år. Leiarane i nemndene og deira varamedlemmer skal ha dei eigenskapane som er føreskrivne for dommarar, jf. domstolsloven §§ 53 og 54 andre ledd. Reglane i domstolsloven kapittel 6 om ugildskap gjeld tilsvarande for medlemmene av skjønnsnemnda og overskjønnsnemnda. Departementet avgjer spørsmål om ugildskap for leiarane i nemndene og deira varamedlemmer. Elles blir slike spørsmål avgjort av vedkomande nemndleiar.

Kommuner eller fylkeskommuner kan kreve at det økonomiske oppgjøret etter grenseendringer fastsettes av en skjønnsnemnd hvis partene ikke blir enige. Vedtak fra denne nemnden kan bringes inn for en overskjønnsnemnd for endelig avgjørelse.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 21 juni 2013 nr. 94 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 735), 22 juni 2018 nr. 83 (ikr. 1 nov 2019 iflg. res. 25 juni 2019 nr. 879).

Se ogsåDomstolloven § 53Domstolloven § 54omtalt i 2 kilderreferert av 1

Sammenheng

Se også2
Referert av1
Nevnt i2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 23 i inndelingslova.

Les hele loven i sammenheng →