Lov
Nynorsk
§ 9. Saksutgreiing
Saksutgreiing
Departementet avgjer om det skal setjast i gang utgreiing på grunnlag av initiativ etter § 8 og tar i tilfelle stilling til kva som er nødvendig omfang av denne. Avgjerd etter første punktum er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b. Avgjerd om ikkje å setje i gang utgreiing bør likevel bli grunngitt i samsvar med reglane i forvaltningsloven § 25 og kan påklagast i samsvar med reglane i forvaltningsloven kapittel VI.
Departementet kan avvise søknad frå søkjarar som ikkje har initiativrett. Avvisinga skal vere skriftleg og grunngitt.
Kommunale, fylkeskommunale og statlege forvaltningsorgan skal gi nødvendige opplysningar og i rimeleg utstrekning medverke ved saksførebuinga, etter oppmoding frå den som gjer utgreiinga.
Før det blir gjort vedtak om grenseendring eller grensefastsetjing, skal dei kommunane eller fylkeskommunane saka gjeld, få uttale seg. I saker om samanslåing eller deling må kommunestyret eller fylkestinget sjølv uttale seg.
Departementet avgjer om det skal gjerast utgreiingar om grenseendringar. Kommunar og fylkeskommunar har rett til å uttale seg før det blir gjort vedtak om grenser, samanslåing eller deling.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 22 juni 2018 nr. 83 (ikr. 1 nov 2019 iflg. res. 25 juni 2019 nr. 879).
Se ogsåInndelingslova § 8Forvaltningsloven § 2Forvaltningsloven § 25omtalt i 1 kilde →
Sammenheng
Koblinger for § 9 i inndelingslova.