Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 8. Initiativrett

Inndelingslova·Kapittel III. Initiativ. Saksførebuing·Sist endret 1. juni 2021

Initiativrett

Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing om grensejustering eller grensefastsetjing kan fremjast av innbyggjarar og grunneigarar i dei kommunane søknaden gjeld, av næringsdrivande som har sin registrerte forretningsstad der og av kommunestyret eller fylkestinget i dei kommunane eller fylkeskommunane søknaden gjeld. Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing om samanslåing eller deling kan berre fremjast av kommunestyret eller fylkestinget sjølv i dei kommunane eller fylkeskommunane endringsforslaget gjeld. Departementet kan på eige initiativ utgreie spørsmål om grenseendring eller grensefastsetjing. Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing om grenseendring eller grensefastsetjing skal vere skriftleg og grunngitt, og må innehalde forslag til nye grenser. Søknaden skal sendast statsforvaltaren i det området saka gjeld. Statsforvaltaren skal så snart som råd orientere kommunane eller fylkeskommunane om søknaden.

Reglene bestemmer hvem som kan be om at det utredes endringer av grenser, sammenslåing eller deling av kommuner og fylker. Noen typer endringer kan fores fores av privatpersoner og bedrifter, mens andre kun kan fores av kommunestyret eller fylkestinget.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

omtalt i 2 kilderreferert av 2

Sammenheng

Referert av2
Nevnt i2

Koblinger for § 8 i inndelingslova.

Les hele loven i sammenheng →