Har nokon
1) ført inn eller ut, eller freista føre inn eller ut varer, medreikna levande planter og dyr, i strid med denne lova eller føresegner gjevne med heimel i lova, eller
2) brote eller freista bryte vilkår sett med heimel i denne lova, eller
3) selt innførde varer, medreikna levande dyr og planter, uten å opplysa at vilkår sett etter § 1, første leden, la band på råderetten over salsemnet, eller
4) gjeve urett opplysning, munnleg eller skriftleg, a) i utsegn gjeven til bruk for offentleg styresmakt eller målsmann for styresmakta i innførsle- eller utførslesak eller søknad om innførsle- eller utførsleløyve, b) i utsegn som skal kunna gjera at ein annan har høve til å gje slik utsegn som nemnt under punkt a, om tilhøve som har noko å segja for retten til å føra inn eller ut varer, eller
5) brote eller freista bryte på anna vis føresegn som lova gjev eller som er gjeven med heimel i denne,
vert han straffa med bot eller fengsel i opptil 6 månader eller med båe desse straffene dersom åtferda ikkje går inn under strengare straffebod.
Har nokon av aktløyse gjort slike brot som nemnt i første leden, vert han straffa med bot eller fengsel i opp til 3 månader.
Lova set straff for ulovleg innførsle eller utførsel av varer, dyr og planter. Det er også straffbart å gje urette opplysningar eller bryte vilkår knytt til slike varer. Straffa kan vere bot eller fengsel.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
Se ogsåInnførsle- og utførslereguleringslova § 1omtalt i 1 kilde →referert av 4 →
Sammenheng
Referert av4
Koblinger for § 4 i innførsle--og-utførslereguleringslova.