Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-8. Tvist

Jordskiftelova·Kapittel 5. Skjønn og andre avgjerder etter andre lover

Tvist

Jordskifteretten avgjer under forretninga tvist om retten til og vilkåra for å fremje skjønn eller andre saker etter kapittel 5, og tvist om kva som skal vere emne for skjønn eller anna avgjerd. Jordskifteretten avgjer under forretninga tvist om retten til og vilkåra for ekspropriasjon og tvist om kva som skal eksproprierast. Dersom det i skjønn etter § 5-1 første punktum er tvist om eit underliggjande rettshøve om grenser, eigedomsrett eller anna innan jordskifteområdet og som det er nødvendig å ta stilling til for at saka skal kunne avgjerast, skal jordskifteretten etter krav frå ein part, avgjere dette. Jordskifteretten kan som del av skjønn i samband med vernejordskifte etter § 5-1 første punktum, avgjere om det skal ytast erstatning for den råderettsavgrensinga som følgjer av den offentlege reguleringa av eigarrådvelde.

Jordskifteretten kan avgjøre uenigheter om hvem som har rett til å kreve jordskifte, hva som skal være gjenstand for avgjørelsen, og spørsmål om ekspropriasjon. Retten kan også ta stilling til eiendomsrett og grenser hvis dette er nødvendig for å løse saken.AI

Se ogsåJordskiftelova § 5-1

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 5-8 i jordskiftelova.

Les hele loven i sammenheng →