Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6-5. Merknader til kravet

Jordskiftelova·Kapittel 6. Reglar om saksbehandling

Merknader til kravet

Jordskifteretten skal forkynne kravet for dei andre partane og be dei komme med sitt syn. Partane bør seie si meining om kravet og gi dei opplysingane dei har. Dei bør nemne dei bevisa som vil bli førte, og vise til den dokumentasjonen dei byggjer på. Merknadene treng ikkje gå lenger enn det som er nødvendig for å gi eit tilstrekkeleg grunnlag for den vidare saksførebuinga. Dersom nokon av partane vil ha meddommarar i det første rettsmøtet i saka, må merknadene innehalde krav om det. Til vanleg skal merknadene vere skriftlege, men munnlege merknader kan setjast opp skriftleg av retten i samsvar med tvisteloven § 12-1 andre ledd. Frist for merknader skal normalt ikkje vere kortare enn tre veker.

Jordskifteretten skal varsle andre involverte parter om et krav og be dem uttale seg. Partene kan gi informasjon, bevis og dokumentasjon som er nødvendig for saksforberedelsen. Det er også her man må be om meddommere til det første rettsmøtet.AI

Se ogsåTvisteloven § 12-1

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 6-5 i jordskiftelova.

Les hele loven i sammenheng →