Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7. Tvangsmulkt

Tvangsmulkt

(1) Skattekontoret kan påleggje ein leverandør som ikkje har retta seg etter pålegg om å utlevere programvare mv. etter § 4 andre ledd innan den fastsette fristen, ei dagleg laupande tvangsmulkt fram til utlevering skjer. Tvangsmulkta utgjer eitt rettsgebyr per dag, jf. rettsgebyrloven § 1 andre ledd. (2) Skattekontoret kan påleggje ein leverandør som ikkje har retta seg etter pålegg om å utbetre mangelen eller trekkje kassasystemet frå marknaden etter § 6 andre ledd innan den fastsette fristen, ei dagleg laupande tvangsmulkt fram til utbetring skjer. Tvangsmulkta utgjer ti rettsgebyr per dag, jf. rettsgebyrloven § 1 andre ledd. (3) Samla tvangsmulkt kan ikkje overstige ein million kroner. (4) Vedtak om tvangsmulkt blir retta mot styret i selskap, samvirkeføretak, foreining, innretning eller organisasjon og blir sendt kvart medlem i rekommandert brev. Tvangsmulkta kan inndrivast så vel hos medlemane av styret som hos selskapet, samvirkeføretaket, foreininga, innretninga eller organisasjonen. (5) Vedtak om tvangsmulkt kan klagast inn til Skattedirektoratet innan tre veker. (6) Tvangsmulkta blir overførd til statskassen.

Skattekontoret kan pålegge leverandører daglige bøter dersom de ikke leverer programvare eller retter opp feil i kassasystemer innen fristen. Den samlede summen kan ikke overstige én million kroner.AI

Se ogsåKassasystemlova § 4Rettsgebyrloven § 1Kassasystemlova § 6omtalt i 8 kilderreferert av 1

Sammenheng

Se også3
Referert av1
Nevnt i8

Koblinger for § 7 i kassasystemlova.

Les hele loven i sammenheng →