Klassifisering
Nettilbydar skal klassifisere alle anlegg ut i frå kor viktig eiget nettutstyr i anlegget vurderast å vere for offentlege elektroniske kommunikasjonstenester. Anlegga skal klassifiserast i fire klassar:
a) Klasse A Anlegg som omfattast av lov 1. juni 2018 nr. 24 om nasjonal sikkerhet (sikkerhetsloven).
b) Klasse B Anlegg som er særs viktig for offentlege elektroniske kommunikasjonstenester på landsdelsnivå eller større, eller for eit tilsvarande omfang av brukarar.
c) Klasse C Anlegg som er særs viktig for offentlege elektroniske kommunikasjonstenester på fylkesnivå eller større, eller for eit tilsvarande omfang av brukarar.
d) Klasse D Anlegg som ikkje er omfatta av klassane A, B eller C.
Med anlegg som er særs viktig for offentlege elektroniske kommunikasjonstenester meinast mellom anna anlegg med nettutstyr som er kritisk for:
1) samtrafikk med elektroniske kommunikasjonsnett i utlandet,
2) samtrafikk med nasjonale/regionale elektroniske kommunikasjonsnett,
3) sentral dirigering og styring av elektronisk kommunikasjon,
4) sentrale oppslags-, registrerings- eller databasetenester,
5) kringkasting, eller
6) drift og overvaking av utstyr nemnt i punkt 1.–5.
Nettilbydar skal revidere klassifiseringa minst årleg.
I særlege tilfelle kan Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gjennom vedtak gjere om nettilbydar si klassifisering av anlegg.
Nettleverandører må dele anleggene sine inn i fire ulike klasser basert på hvor viktige de er for det offentlige kommunikasjonsnettet. Klassifiseringen skal oppdateres minst én gang i året, og myndighetene kan i visse tilfeller overstyre denne inndelingen.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 20 des 2024 nr. 3423 (i kraft 1 jan 2025).
Sammenheng
Koblinger for § 4 i klassifiseringsforskrifta.