Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4. Samarbeid og samordning

Krisesenterlova·Sist endret 1. august 2022

Samarbeid og samordning

Kommunen skal sørgje for at krisesentertilbodet samarbeider med andre delar av tenesteapparatet dersom det er nødvendig for å gi brukaren eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom brukaren har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal kommunen sørgje for at krisesentertilbodet deltek i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen. Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen bestemme kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnd barnekoordinator etter helse- og omsorgstenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet. Kommunen skal, i tillegg til å følgje opp einskilde brukarar, sørgje for at krisesentertilbodet samarbeider med andre delar av tenesteapparatet slik at krisesentertilbodet og dei andre tenestene kan ivareta sine oppgåver etter lov og forskrift. Med tenesteapparatet er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19 og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.

Kommunen skal sørgje for at krisesentertilbodet samarbeider med andre tenester slik at brukaren får eit heilskapleg tilbod. Dette gjeld også samarbeid om individuell plan og generell samordning mellom ulike tenesteytarar.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 24 juni 2011 nr. 30 (ikr. 1 jan 2012 iflg. res. 16 des 2011 nr. 1252), 11 juni 2021 nr. 78 som endra med lov 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 1 aug 2022 iflg. res. 20 mai 2022 nr. 871).

Se ogsåBarnehageloven § 19Privatskolelova § 6-1omtalt i 5 kilderreferert av 3

Sammenheng

Se også2
Referert av3
Nevnt i5

Koblinger for § 4 i krisesenterlova.

Les hele loven i sammenheng →