Hopp til innhold
Det er forbode å ha samkvem med rettssubjekt som nemnt i § 1 eller fara fram på ein måte som er eigna til å skaffe slikt rettssubjekt føremon. Det er soleis m.a. forbode: a) Å gjere avtale med eller til føremon for slikt rettssubjekt. b) Å ta på seg skyldnad andsynes eller til føremon for slikt rettssubjekt. c) Å yta teneste, levera gods eller verdepapir, betala pengar, skipa eller overføra rettar av kva slag det så er til slikt rettssubjekt eller til føremon for slikt rettssubjekt. d) Å ta mot teneste, gods, verdepapir eller anna yting frå slikt rettssubjekt. e) På kva måte det så er beinveges eller ved mellommann å senda melding av kva slag det måtte vera til slikt rettssubjekt. Forbodet gjeld ikkje gjerningar som er gjorde i offentleg ærend. Kongen eller den han gjev fullmakt kan gjera unnatak frå forbodet.

Det er forbudt å ha kontakt med eller hjelpe fiendtlige rettssubjekter. Dette inkluderer avtaler, økonomiske transaksjoner, tjenester og meldingstrafikk. Forbudet gjelder ikke handlinger utført i offentlig ærend, og det kan gis unntak.AI

Se ogsåLov om forbod mot samkvem med fienden § 1referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 2 i lov-om-forbod-mot-samkvem-med-fienden.

Les hele loven i sammenheng →