Hopp til innhold

Saksbehandling i nemnda

Nemnda skal behandle saker på grunnlag av dei skriftlege framstillingane søkaren har gitt, og dei dokumentbevisa som ligg føre. Nemnda skal som hovudregel gjere vedtak i møte. Dersom det er openbert at vilkåra for å få kompensasjon ikkje er oppfylte, eller søkaren ikkje legg fram dokumentasjon som nemnd i § 7 andre ledd, kan leiaren av nemnda aleine avslå søknaden. Leiaren av nemnda kan avgjere at eit vedtak skal gjerast skriftleg ved sirkulasjon blant medlemmene dersom: a) saka er kurant på bakgrunn av fast praksis i nemnda, b) saka er diskutert i møte og det berre er behov for mindre avklaringar, suppleringar eller endringar før avgjerda blir gjord, eller c) avgjerda kunne vore gjord av leiaren i nemnda aleine etter første ledd. Nemnda kan gjere vedtak når alle medlemmene deltar i behandlinga og stemmer. Vedtaket skal gjerast ved alminneleg fleirtal og skal opplyse om eventuell dissens. Det skal førast protokoll med opplysningar om kva tid vedtaket er gjort, kva vedtaket gjeld, og kva medlemmene i nemnda har stemt. Ei avgjerd i nemnda om ein søknad om kompensasjon er å rekne som eit enkeltvedtak. Departementet kan gi forskrift med nærmare føresegner om nemnda si saksbehandling.

Nemnda behandlar søknader basert på skriftlege framstillingar og dokumentbevis. Som hovudregel blir vedtak gjort i møte ved fleirtalsavgjerd, men leiaren kan i visse tilfelle avslå søknader aleine eller gjere vedtak skriftleg.AI

Se ogsåLov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 7

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 9 i lov-om-kompensasjonsordning-for-kjemikalieskadde-oljepionerar.

Les hele loven i sammenheng →