Lov
Nynorsk
§ 7. Søknad om kompensasjon og dokumentasjonskrav
Søknad om kompensasjon og dokumentasjonskrav
Søknad om kompensasjon skal fremmast for Oljepionernemnda innan to år etter at denne lova trer i kraft. Søknad skal fremmast på skjema fastsett av nemnda.
Den som søker om kompensasjon etter § 1, skal i søknaden legge fram følgande:
a) dokumentasjon som viser at vedkommande har arbeidd i petroleumsverksemda offshore på norsk kontinentalsokkel i pionertida innanfor eitt av aktivitetsområda og ei av arbeidstakargruppene som er omfatta av § 2, kva tid arbeidet blei utført og kor lenge det varte,
b) dokumentasjon som viser at vedkommande har fått påvist ein sjukdom eller skade som er omfatta av § 3, og om kva tid helsetilstanden blei påvist,
c) informasjon om og i kva utstrekning vedkommande har fått ytingar som nemnde i § 5 andre ledd.
Etterlatne som søker om kompensasjon etter § 4, skal legge fram følgande:
a) dokumentasjon og informasjon som nemnd i andre ledd om den avdøde personen,
b) dokumentasjon som viser at den etterlatne har rett til kompensasjon gjennom relasjonen sin til den avdøde.
Nemnda kan under behandlinga av saka be om fleire opplysningar dersom nemnda meiner det er nødvendig for å behandle søknaden.
Søknad om kompensasjon skal sendes til Oljepionernemnda på fastsatt skjema innen to år etter at loven trer i kraft. Søkeren må legge frem dokumentasjon på arbeid i offshore-virksomheten, påvist sykdom eller skade, samt informasjon om tidligere mottatte ytelser.AI
Se ogsåLov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 1Lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 2Lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 3Lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 5referert av 1 →
Sammenheng
Se også5
- Lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 1
- Lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 2
- Lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 3
- Lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 5
- Lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 4
Referert av1
Koblinger for § 7 i lov-om-kompensasjonsordning-for-kjemikalieskadde-oljepionerar.