Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 3. Åtferdsnorm for verksemda

Åtferdsnorm for verksemda

(1) Ein røystingsrådgjevar skal offentleggjere ei tilvising til ei åtferdsnorm som rådgjevaren nyttar, og rapportere om korleis norma er følgd. (2) Om røystingsrådgjevaren ikkje nytta nokon åtferdsnorm, skal røystingsrådgjevaren gje ei tydeleg og grunngjeven forklaring for dette. Om røystingsrådgjevaren nyttar ei åtferdsnorm, men fråvik nokon av tilrådingane i åtferdsnorma, skal røystingsrådgjevaren angje kva tilrådingar som er fråvikne, grunngje fråvika og opplyse om eventuelle alternative tiltak som er gjorde. (3) Opplysningar som nemnde i første og andre ledd skal vere offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren. Opplysningane skal oppdaterast kvart år. (4) Opplysningane skal offentleggjerast på norsk eller eit anna språk som er ålment godkjent i finansmarknaden.

En stemmerådgiver skal offentliggjøre hvilken atferdsnorm som benyttes og rapportere på hvordan denne følges. Dersom ingen norm brukes, eller det gjøres unntak fra normen, skal dette forklares og begrunnes. Informasjonen skal være gratis, tilgjengelig på nett og oppdateres årlig.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 3 i lov-om-røystingsrådgjevarar.

Les hele loven i sammenheng →