Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Nærings- og fiskeridepartementet

Lov om røystingsrådgjevarar

lov/2021-06-18-136·8 paragrafer·Sist endret 1. april 2025·Utforsk grafen
I kraft 2021-07-01Kunngjort 2021-06-18Sist endret ved lov/2024-06-21-41 fra 2025-04-01

Sakleg verkeområde

(1) Lova gjeld for røystingsrådgjevarar. Røystingsrådgjevar tyder i lova her ein juridisk person som på profesjonelt og kommersielt grunnlag analyserer opplysningar frå selskap og annan relevant informasjon om selskap med sikte på å gje aksjeeigarar informasjonsgrunnlag for røysting på generalforsamlinga, gjennom undersøkingar, råd eller røystingstilrådingar knytte til utøving av røysterett. (2) Lova gjeld berre for tenester etter første leddet som gjeld aksjar i selskap som har forretningskontoret sitt i ein EØS-stat, og som har aksjar tekne opp til handel på ein regulert marknad i EØS. (3) Departementet kan gje forskrift med nærare føresegner om røystingsrådgjevarar.

Loven gjelder for profesjonelle selskaper som analyserer informasjon for å gi aksjeeiere råd om hvordan de skal stemme på generalforsamlinger. Dette gjelder kun for aksjer i selskaper med kontor i EØS som er handlet på et regulert marked i EØS.AI

Stadleg verkeområde

(1) Lova gjeld verksemd som er driven av røystingsrådgjevarar med forretningskontor i Noreg. (2) Lova gjeld òg verksemd som er driven av røystingsrådgjevarar frå andre land om: a) røystingsrådgjevaren har hovudkontor i Noreg, men ikkje forretningskontor innanfor EØS, eller b) røystingsrådgjevaren driv verksemd i Noreg utan at røystingsrådgjevaren har forretningskontor eller hovudkontor innanfor EØS. (3) Kongen kan gje forskrift om bruken av lova på Svalbard og fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.

Loven gjelder for stemmerådgivere med kontor i Norge. Den gjelder også for utenlandske rådgivere som driver virksomhet i Norge dersom de ikke har kontor innenfor EØS. Det kan gis egne regler for Svalbard.AI

Åtferdsnorm for verksemda

(1) Ein røystingsrådgjevar skal offentleggjere ei tilvising til ei åtferdsnorm som rådgjevaren nyttar, og rapportere om korleis norma er følgd. (2) Om røystingsrådgjevaren ikkje nytta nokon åtferdsnorm, skal røystingsrådgjevaren gje ei tydeleg og grunngjeven forklaring for dette. Om røystingsrådgjevaren nyttar ei åtferdsnorm, men fråvik nokon av tilrådingane i åtferdsnorma, skal røystingsrådgjevaren angje kva tilrådingar som er fråvikne, grunngje fråvika og opplyse om eventuelle alternative tiltak som er gjorde. (3) Opplysningar som nemnde i første og andre ledd skal vere offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren. Opplysningane skal oppdaterast kvart år. (4) Opplysningane skal offentleggjerast på norsk eller eit anna språk som er ålment godkjent i finansmarknaden.

En stemmerådgiver skal offentliggjøre hvilken atferdsnorm som benyttes og rapportere på hvordan denne følges. Dersom ingen norm brukes, eller det gjøres unntak fra normen, skal dette forklares og begrunnes. Informasjonen skal være gratis, tilgjengelig på nett og oppdateres årlig.AI

referert av 1

Særlege opplysningar

(1) Ein røystingsrådgjevar skal kvart år offentleggjere følgjande opplysningar om korleis rådgjevaren førebur undersøkingar, råd og røystingstilrådingar: a) hovuddraga i dei metodane og modellane som er nytta b) dei viktigaste informasjonskjeldene som er nytta c) framgangsmåtane som er innførte for å sikre kvaliteten på undersøkingane, rådgjevinga og røystingstilrådingane og kvalifikasjonane til dei tilsette som deltek d) om og eventuelt korleis dei tek omsyn til tilhøve i dei nasjonale marknadene og til juridiske, regulatoriske og selskapsspesifikke tilhøve e) hovuddraga i retningslinene for stemmegjeving som dei nyttar for den einskilde marknaden f) om dei har dialog med selskapa som undersøkingane, rådgjevinga eller røystingstilrådingane gjeld, og med interessentar i desse selskapa, og i så fall omfanget og karakteren til dialogen g) retningslinene for førebygging og handtering av potensielle interessekonfliktar. (2) Opplysningane som er nemnde i bokstav a til g skal vere offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren i minst tre år etter datoen for offentleggjeringa. Dette gjeld ikkje opplysningar som allereie er offentleggjorde etter § 3. § 3 fjerde leddet gjeld på tilsvarande måte.

En stemmerådgiver må hvert år offentliggjøre informasjon om sine metoder, kilder, kvalitetsrutiner og hvordan de håndterer interessekonflikter. Opplysningene skal være gratis tilgjengelige på nettsiden i minst tre år.AI

Se ogsåLov om røystingsrådgjevarar § 3

Plikt til å opplyse om interessekonfliktar

Ein røystingsrådgjevar skal utan opphald identifisere og opplyse kundane sine om faktiske eller potensielle interessekonfliktar, inkludert forretningssamband, som kan påverke førebuinga av undersøkingar, råd eller røystingstilrådingar. Røystingsrådgjevaren skal samstundes opplyse om kva for tiltak som er gjorde for å fjerne, avgrense eller handtere desse interessekonfliktane.

En stemmerådgiver må umiddelbart informere sine kunder om faktiske eller mulige interessekonflikter. Rådgiveren skal også forklare hvilke tiltak som er tatt for å løse eller begrense disse konfliktene.AI

Tilsyn, registreringsplikt og opplysningsplikt

(1) Finanstilsynet fører tilsyn etter finanstilsynsloven med verksemd som røystingsrådgjevarar driv etter lova her. (2) Departementet kan gje forskrift med utfyllande føresegner om plikt til å registrere seg for å drive verksemd som røystingsrådgjevar og opplysningsplikta røystingsrådgjevarar har overfor Finanstilsynet.

Finanstilsynet har ansvaret for å føre tilsyn med virksomhet som driver med stemmerådgivning. Departementet kan bestemme nærmere regler for hvordan slike rådgivere skal registrere seg og hvilken informasjon de må gi til tilsynet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 21 juni 2024 nr. 41 (i kraft 1 april 2025 iflg. res. 21 mars 2025 nr. 479).

omtalt i 1 kilde

Pålegg og lovbrotsgebyr

(1) Dersom ein røystingsrådgjevar bryt pliktene sine etter lova her eller forskrift gjeven i medhald av lova her, kan Finanstilsynet påleggje rådgjevaren å rette brota innan ei viss tid. (2) Finanstilsynet kan gje lovbrotsgebyr ved brot på føresegnene i lova her eller føresegner gjevne i medhald av lova her. Lovbrotsgebyret skal ikkje vere høgare enn 10 millionar kroner. (3) Høvet for Finanstilsynet til å gje lovbrotsgebyr vert forelda fem år etter at brota på føresegnene vart stansa. Fristen vert avbroten når Finanstilsynet gjev førehandsvarsel eller tek avgjerd om lovbrotsgebyr. (4) Departementet kan gje forskrift med nærare føresegner om pålegg og lovbrotsgebyr.

Finanstilsynet kan påleggje røystingsrådgjevarar å rette opp lovbrot. Dei kan også gje lovbrotsgebyr ved brot på lova eller forskrifter. Retten til å gje gebyr foreldast etter fem år.AI

Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Loven trer i kraft fra den datoen Kongen bestemmer.AI

Noter (1)
  • Note 1Frå 1 juli 2021 iflg. res. 18 juni 2021 nr. 1984 .

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hvem gjelder denne loven for?

Loven gjelder for profesjonelle selskaper som analyserer informasjon for å gi aksjeeiere råd om hvordan de skal stemme på generalforsamlinger. Dette gjelder kun for aksjer i selskaper med kontor i EØS som er handlet på et regulert marked i EØS.

Åpne § 1
Kan det være egne regler for stemmerådgivere på Svalbard?

Loven gjelder for stemmerådgivere med kontor i Norge. Den gjelder også for utenlandske rådgivere som driver virksomhet i Norge dersom de ikke har kontor innenfor EØS. Det kan gis egne regler for Svalbard.

Åpne § 2
Må en stemmerådgiver fortelle hvilken atferdsnorm som brukes?

En stemmerådgiver skal offentliggjøre hvilken atferdsnorm som benyttes og rapportere på hvordan denne følges. Dersom ingen norm brukes, eller det gjøres unntak fra normen, skal dette forklares og begrunnes. Informasjonen skal være gratis, tilgjengelig på nett og oppdateres årlig.

Åpne § 3
Hva slags informasjon om metodene sine må en stemmerådgiver offentliggjøre?

En stemmerådgiver må hvert år offentliggjøre informasjon om sine metoder, kilder, kvalitetsrutiner og hvordan de håndterer interessekonflikter. Opplysningene skal være gratis tilgjengelige på nettsiden i minst tre år.

Åpne § 4
Må en stemmerådgiver fortelle om interessekonflikter?

En stemmerådgiver må umiddelbart informere sine kunder om faktiske eller mulige interessekonflikter. Rådgiveren skal også forklare hvilke tiltak som er tatt for å løse eller begrense disse konfliktene.

Åpne § 5
Hvem fører tilsyn med stemmerådgivere?

Finanstilsynet har ansvaret for å føre tilsyn med virksomhet som driver med stemmerådgivning. Departementet kan bestemme nærmere regler for hvordan slike rådgivere skal registrere seg og hvilken informasjon de må gi til tilsynet.

Åpne § 6
Kan Finanstilsynet be ein rådgjevar om å rette opp feil?

Finanstilsynet kan påleggje røystingsrådgjevarar å rette opp lovbrot. Dei kan også gje lovbrotsgebyr ved brot på lova eller forskrifter. Retten til å gje gebyr foreldast etter fem år.

Åpne § 7
Når begynner loven å gjelde?

Loven trer i kraft fra den datoen Kongen bestemmer.

Åpne § 8

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2024

Forarbeider og bakgrunn

EØS-grunnlag

EU-rettsakter denne loven gjennomfører eller viser til.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.