Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4. Særlege opplysningar

Særlege opplysningar

(1) Ein røystingsrådgjevar skal kvart år offentleggjere følgjande opplysningar om korleis rådgjevaren førebur undersøkingar, råd og røystingstilrådingar: a) hovuddraga i dei metodane og modellane som er nytta b) dei viktigaste informasjonskjeldene som er nytta c) framgangsmåtane som er innførte for å sikre kvaliteten på undersøkingane, rådgjevinga og røystingstilrådingane og kvalifikasjonane til dei tilsette som deltek d) om og eventuelt korleis dei tek omsyn til tilhøve i dei nasjonale marknadene og til juridiske, regulatoriske og selskapsspesifikke tilhøve e) hovuddraga i retningslinene for stemmegjeving som dei nyttar for den einskilde marknaden f) om dei har dialog med selskapa som undersøkingane, rådgjevinga eller røystingstilrådingane gjeld, og med interessentar i desse selskapa, og i så fall omfanget og karakteren til dialogen g) retningslinene for førebygging og handtering av potensielle interessekonfliktar. (2) Opplysningane som er nemnde i bokstav a til g skal vere offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren i minst tre år etter datoen for offentleggjeringa. Dette gjeld ikkje opplysningar som allereie er offentleggjorde etter § 3. § 3 fjerde leddet gjeld på tilsvarande måte.

En stemmerådgiver må hvert år offentliggjøre informasjon om sine metoder, kilder, kvalitetsrutiner og hvordan de håndterer interessekonflikter. Opplysningene skal være gratis tilgjengelige på nettsiden i minst tre år.AI

Se ogsåLov om røystingsrådgjevarar § 3

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 4 i lov-om-røystingsrådgjevarar.

Les hele loven i sammenheng →