Pålegg og lovbrotsgebyr
(1) Dersom ein røystingsrådgjevar bryt pliktene sine etter lova her eller forskrift gjeven i medhald av lova her, kan Finanstilsynet påleggje rådgjevaren å rette brota innan ei viss tid.
(2) Finanstilsynet kan gje lovbrotsgebyr ved brot på føresegnene i lova her eller føresegner gjevne i medhald av lova her. Lovbrotsgebyret skal ikkje vere høgare enn 10 millionar kroner.
(3) Høvet for Finanstilsynet til å gje lovbrotsgebyr vert forelda fem år etter at brota på føresegnene vart stansa. Fristen vert avbroten når Finanstilsynet gjev førehandsvarsel eller tek avgjerd om lovbrotsgebyr.
(4) Departementet kan gje forskrift med nærare føresegner om pålegg og lovbrotsgebyr.
Finanstilsynet kan påleggje røystingsrådgjevarar å rette opp lovbrot. Dei kan også gje lovbrotsgebyr ved brot på lova eller forskrifter. Retten til å gje gebyr foreldast etter fem år.AI