Lov
Nynorsk
§ 8. Innhenting av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag
Innhenting av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag
Ved handsaminga av saker etter § 7 kan organet som skal treffe avgjerda, krevje opplysningar frå instansar og personar som er nemnde i folketrygdloven § 21-4 første leddet. Det er eit vilkår at opplysningane er naudsynte for avgjerda.
Ein kan til vanleg berre hente inn opplysningar om
a) namn, adresse, fødselsdato, slektskap og sivilstatus,
b) staden der barnet og bortføraren oppheld seg og tilhøva som dei lever under,
c) den fysiske og psykiske helsa til barnet og bortføraren og særlege behov og utgifter knytte til helsetilstanden deira,
d) bortføraren si inntekt og økonomi medan bortføringa varar, og
e) tilhøva mellom foreldra og barnet.
Ein kan berre hente inn opplysningane som er nemnde i andre leddet bokstavane b, c og e dersom ein ikkje kan skaffe opplysningane på anna vis.
Organ som tek del i handsaminga av ei barnebortføringssak, skal gje opplysningar etter paragrafen her av eige tiltak.
Dei som skal gje opplysningar etter paragrafen her, skal gjere dette utan hinder av teieplikt og utan godtgjersle.
Myndighetene kan hente inn nødvendig informasjon fra personer og instanser i saker om stans av utbetalinger ved barnebortføring. Dette gjelder personalia, bosted, helse, økonomi og relasjoner. Noen opplysninger kan kun hentes hvis de ikke kan skaffes på annen måte.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 20 des 2018 nr. 98 (ikr. 1 jan 2019).
Se ogsåLov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 7Folketrygdloven § 21-4 første leddomtalt i 1 kilde →referert av 1 →
Sammenheng
Koblinger for § 8 i lov-om-stans-i-utbetalinger-etter-barnebortføring.