Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Barne- og familiedepartementet

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring

lov/2014-06-06-19·16 paragrafer·Sist endret 1. januar 2026·Utforsk grafen
I kraft 2015-01-01Kunngjort 2014-06-06Sist endret ved lov/2025-04-25-12 fra 2026-01-01

Formål

Formålet med lova er å fremje rask tilbakeføring av barn som er bortførte til utlandet og å førebyggje slik bortføring.

Innhold16 paragrafer

Formål

Formålet med lova er å fremje rask tilbakeføring av barn som er bortførte til utlandet og å førebyggje slik bortføring.

Loven skal bidra til at barn som er tatt med til utlandet uten lov, raskt kommer tilbake. Den skal også bidra til å hindre at slike bortføringer skjer.AI

Kva lova gjeld

Lova gjeld for saker om bortføring av barn til utlandet. Eit barn skal reknast for bortført dersom det til vanleg er busett i Noreg, men er teke med til, eller vert halde tilbake i, eit anna land i strid med reglane i barnelova om foreldreansvaret. Det er også eit vilkår at a) Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet handsamar saka som ei bortføringssak etter reglane i Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring eller Europarådskonvensjonen frå 1980 om godkjenning og fullbyrding av avgjerder om foreldreansvar og om gjenoppretting av foreldreansvar (heretter kalla «konvensjonane»), b) politiet har registrert eit barn som sakna, eller c) det er oppretta straffesak om barnebortføring. Som barn skal reknast personar som ikkje har fylt 16 år.

Lova gjeld når barn under 16 år er tekne med til eller heldne tilbake i utlandet i strid med reglane om foreldreansvar. Det er krav om at saka vert handsama som ei bortføringssak av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, at politiet har registrert barnet som sakna, eller at det er oppretta straffesak.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 16 juni 2023 nr. 41 (i kraft 16 juni 2023 iflg. res. 16 juni 2023 nr. 928).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Definisjonar

Offentlege ytingar tyder i lova her a) ytingar etter folketrygdloven, barnetrygdloven, kontantstøtteloven, forskotteringsloven og andre lover som vert administrerte av arbeids- og velferdsetaten, b) stønad etter lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen, og c) bustøtte etter bustøttelova. Barnebidrag tyder i lova her barnebidrag som vert kravd inn av Innkrevjingsmyndigheita, med unntak av oppfostringsbidrag fastsett etter barnevernsloven § 15-12.

Bestemmelsen definerer hva som menes med offentlige ytingar og barnebidrag i denne loven. Den lister opp hvilke stønader og bidrag som faller inn under disse begrepene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 19 des 2017 nr. 122 (ikr. 1 apr 2018 iflg. res. 16 feb 2018 nr. 220), 18 juni 2021 nr. 97 (i kraft 1 jan 2023 iflg. res. 14 okt 2022 nr. 1739), 16 juni 2023 nr. 41 (i kraft 16 juni 2023 iflg. res. 16 juni 2023 nr. 928), 25 april 2025 nr. 12 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 10 juni 2025 nr. 967).

Se ogsåBarnevernsloven § 15-12omtalt i 4 kilder

Melding om barnebortføringar til utlandet

Dersom Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet handsamar ei sak som ei bortføringssak etter konvensjonane, skal det sende melding om dette til arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken. I andre bortføringssaker skal det lokale politidistriktet sende melding når det har registrert eit barn som sakna eller det er oppretta straffesak om barnebortføring. Melding til Husbanken og den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga skal ikkje gje opplysningar om anna enn at eit barn er bortført, personane saka gjeld og endringa i opphaldsstad. Meldingar etter paragrafen her kan sendast utan hinder av teieplikt.

Myndighetene skal varsle Arbeids- og velferdsforvaltningen og Husbanken når et barn er bortført. Slike meldinger kan sendes selv om det foreligger taushetsplikt.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 16 juni 2023 nr. 41 (i kraft 16 juni 2023 iflg. res. 16 juni 2023 nr. 928).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Stans i ytingar som ikkje skal utbetalast i utlandet

Når eit barn er bortført, skal arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken stanse ytingar som det ikkje er grunnlag for å utbetale i utlandet. Handsaming og klage følgjer dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.

Når et barn er bortført, skal Husbanken og arbeids- og velferdsforvaltningen stoppe utbetalinger som ikke kan betales ut i utlandet. Reglene for saksbehandling og klage er de samme som for den enkelte ytelse.AI

Innkrevjing av barnebidrag

Barnebidrag skal krevjast inn etter dei vanlege reglane så lenge barnet er bortført, anten det er bortføraren eller den attverande av foreldra som er bidragspliktig. Det kan ikkje krevjast endring av bidraget etter barnelova § 74 første leddet så lenge bortføringa varar.

Barnebidrag skal kreves inn etter vanlige regler så lenge et barn er bortført. Det er ikke mulig å kreve endring av bidraget etter barnelovens bestemmelse mens bortføringen varer.AI

Noter (1)
  • EndringEndres ved lov 20 juni 2025 nr. 40 (i kraft fra den tid Kongen bestemmer).

Se ogsåBarnelova § 74omtalt i 1 kilde

Avgjerd om å halde tilbake ytingar og barnebidrag til bortføraren

Når eit barn er bortført til utlandet, skal Arbeids- og velferdsdirektoratet eller eit særskilt utpeika organ i arbeids- og velferdsetaten halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag som vert utbetalte til bortføraren sjølv eller til bortføraren på vegne av barnet. Dette gjeld ikkje dersom tiltaket må reknast som eit uforholdsmessig inngrep ut frå den konkrete situasjonen. Ved vurderinga skal ein mellom anna leggje vekt på kva dette har å seie for at barnet kan bli ført tilbake, og på risikoen for at barnet og bortføraren vert påført skade.

Offentlige ytelser og barnebidrag til en person som har bortført et barn til utlandet skal holdes tilbake. Dette skjer ikke dersom tiltaket er et uforholdsmessig inngrep i den konkrete situasjonen.AI

referert av 5

Innhenting av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

Ved handsaminga av saker etter § 7 kan organet som skal treffe avgjerda, krevje opplysningar frå instansar og personar som er nemnde i folketrygdloven § 21-4 første leddet. Det er eit vilkår at opplysningane er naudsynte for avgjerda. Ein kan til vanleg berre hente inn opplysningar om a) namn, adresse, fødselsdato, slektskap og sivilstatus, b) staden der barnet og bortføraren oppheld seg og tilhøva som dei lever under, c) den fysiske og psykiske helsa til barnet og bortføraren og særlege behov og utgifter knytte til helsetilstanden deira, d) bortføraren si inntekt og økonomi medan bortføringa varar, og e) tilhøva mellom foreldra og barnet. Ein kan berre hente inn opplysningane som er nemnde i andre leddet bokstavane b, c og e dersom ein ikkje kan skaffe opplysningane på anna vis. Organ som tek del i handsaminga av ei barnebortføringssak, skal gje opplysningar etter paragrafen her av eige tiltak. Dei som skal gje opplysningar etter paragrafen her, skal gjere dette utan hinder av teieplikt og utan godtgjersle.

Myndighetene kan hente inn nødvendig informasjon fra personer og instanser i saker om stans av utbetalinger ved barnebortføring. Dette gjelder personalia, bosted, helse, økonomi og relasjoner. Noen opplysninger kan kun hentes hvis de ikke kan skaffes på annen måte.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 20 des 2018 nr. 98 (ikr. 1 jan 2019).

Se ogsåLov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 7Folketrygdloven § 21-4 første leddomtalt i 1 kildereferert av 1

Sakkunnig vurdering

Dersom opplysningane i saka gjev grunn til det, kan organet som skal treffe avgjerda etter § 7, be om at ein sakkunnig vurderer om det er forsvarleg å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Den sakkunnige skal ha tilgang til dokumenta i saka og kan hente inn opplysningar etter § 8. Sakkunnige har krav på godtgjersle for arbeidet sitt og skal få dekt utlegg i samband med saka.

Myndighetene kan be en ekspert om å vurdere om det er forsvarlig å stoppe utbetalinger av ytelser og barnebidrag. Eksperten skal få tilgang til saksdokumenter og informasjon. Eksperten har krav på betaling og dekning av utgifter.AI

Se ogsåLov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 7Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 8referert av 2

Ny vurdering

Dersom nye opplysningar eller endringar i den einskilde saka talar for det, skal ein vurdere å gjere nytt vedtak etter § 7. Saka skal i alle tilfelle vurderast på nytt når det har gått to år etter bortføringa og barnet framleis ikkje er ført tilbake. Ny vurdering kan skje utan hinder av avgrensingane i forvaltningsloven § 35.

Det skal gjøres en ny vurdering av saken dersom det kommer nye opplysninger eller endringer. Saken skal alltid vurderes på nytt når det har gått to år etter bortføringen hvis barnet ennå ikke er ført tilbake.AI

Se ogsåLov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 7Forvaltningsloven § 35referert av 1

Sperra konto

Pengar som vert haldne tilbake, skal stå på sperra renteberande konto. Offentlege ytingar på sperra konto skal utbetalast til den som har rett til pengane eller rett til å ta imot pengane på vegner av barnet, når a) barnet er ført tilbake, b) det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake, c) vedtak er gjort om etter § 10, eller d) det bortførte barnet har fylt 16 år. Barnebidrag for tidsrom etter at vilkåra i andre leddet bokstavane a til c er oppfylte, vert utbetalt etter dei vanlege reglane om dette. I andre tilfelle skal bidraget setjast på sperra konto, også etter at barnet har fylt 16 år. Barnebidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år.

Penger som holdes tilbake ved barnebortføring skal stå på en sperret konto med renter. Midlene utbetales når barnet er tilbake, når det er avklart at barnet ikke skal returnere, ved særskilt vedtak eller når barnet er 16 år.AI

Se ogsåLov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 10referert av 3

Ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra

Ytingar som den attverande av foreldra får utbetalt som representant for eit bortført barn eller på grunn av omsorga for barnet, vert utbetalte i opp til seks månader etter at barnet vart bortført, men i opp til tolv månader dersom den attverande av foreldra framleis har utgifter til omsorga for barnet eller dersom andre særlege grunnar gjer det rimeleg. Dersom barnebidrag framleis vert kravd inn frå bortføraren etter at utbetaling er stansa etter første leddet, skal bidraget setjast på sperra renteberande konto. Reglane i § 11 tredje ledd gjeld tilsvarande. Utbetalinga av ytingar etter første leddet og innkrevjing av barnebidrag frå bortføraren skal stansast så snart det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake. Handsaming og klage ved avgjerder om ytingar til den attverande av foreldra etter paragrafen her, følgjer dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.

Forelderen som er igjen kan få utbetalinger for et bortført barn i seks til tolv måneder. Barnebidrag fra den som har bortført barnet settes på en sperret konto etter dette. Alle utbetalinger og innkrevinger stopper hvis det er rettslig avgjort eller avtalt at barnet ikke skal komme tilbake.AI

Se ogsåLov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 11referert av 2

Saker der barnevernet har omsorga for barnet

Lova gjeld også for saker der ein av foreldra eller begge bortfører til utlandet barn som barnevernet har teke over omsorga for. Barnevernet skal varslast og få høve til å uttale seg etter reglane i forvaltningsloven § 16. Reglane i § 12 i lova her gjeld tilsvarande. Dersom foreldra er saman om bortføringa, kan tiltak etter lova nyttast mot begge.

Lova gjeld også dersom barn som barnevernet har omsorga for blir bortført til utlandet. Barnevernet skal varslast og få uttale seg i slike saker. Tiltak kan nyttast mot ein eller begge foreldra.AI

Se ogsåForvaltningsloven § 16Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 12referert av 1

Handsaming av saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

Ved handsaminga av saker etter §§ 7 til 11 gjeld reglane i forvaltningsloven, med desse særreglane og presiseringane: a) både bortføraren og den attverande av foreldra skal reknast som part i saka ved avgjerder etter § 7, b) avgjerd om ikkje å halde tilbake ytingar og barnebidrag skal reknast for enkeltvedtak, c) arbeids- og velferdsetaten og sakkunnige etter § 9 har teieplikt etter reglane i arbeids- og velferdsforvaltningsloven § 7, og d) avgjerder etter § 7 kan ikkje påklagast, men kan ankast inn for Trygderetten etter reglane i lov 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten.

Saker om stans i ytelser og barnebidrag følger forvaltningsloven. Begge foreldrene regnes som part i saken, og beslutninger om å ikke holde tilbake penger er enkeltvedtak. Beslutninger kan ankes til Trygderetten, men ikke påklages.AI

Se ogsåLov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 7Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 11Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 9

Forskrifter

Departementet kan gje forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova, mellom anna til a) § 4 om meldingar når barn er bortført, b) § 7 om å halde tilbake ytingar og barnebidrag, c) § 9 om oppnemning av og betaling til sakkunnige, d) § 11 om sperra konto, og e) § 12 om ytingar og bidrag til den attverande av foreldra.

Departementet har myndighet til å lage utfyllende regler for hvordan loven skal brukes. Dette gjelder blant annet meldinger ved bortføring, stans av utbetalinger og bruk av sperrede kontoer.AI

Se ogsåLov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 4Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 7Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 9Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring § 111 forskrift

Ikraftsetjing og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Lova gjeld også der barnet vart bortført før lova tok til å gjelde. Ytingar eller barnebidrag for tidsrom før lova tok til å gjelde, kan ikkje haldast tilbake med heimel i lova.

Loven trer i kraft fra den datoen kongen bestemmer. Den gjelder også for barn som ble bortført før loven kom. Det er imidlertid ikke lov å holde tilbake utbetalinger eller bidrag for perioden før loven gjaldt.AI

Noter (1)
  • Note 1Frå 1 jan 2015 iflg. res. 19 des 2014 nr. 1784 .

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva er formålet med denne loven?

Loven skal bidra til at barn som er tatt med til utlandet uten lov, raskt kommer tilbake. Den skal også bidra til å hindre at slike bortføringer skjer.

Åpne § 1
Kva må til for at eit barn skal reknast som bortført?

Lova gjeld når barn under 16 år er tekne med til eller heldne tilbake i utlandet i strid med reglane om foreldreansvar. Det er krav om at saka vert handsama som ei bortføringssak av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, at politiet har registrert barnet som sakna, eller at det er oppretta straffesak.

Åpne § 2
Hva regnes som offentlige ytingar i denne loven?

Bestemmelsen definerer hva som menes med offentlige ytingar og barnebidrag i denne loven. Den lister opp hvilke stønader og bidrag som faller inn under disse begrepene.

Åpne § 3
Hvem får beskjed når et barn er bortført?

Myndighetene skal varsle Arbeids- og velferdsforvaltningen og Husbanken når et barn er bortført. Slike meldinger kan sendes selv om det foreligger taushetsplikt.

Åpne § 4
Hva skjer med utbetalinger som ikke kan betales i utlandet hvis et barn er bortført?

Når et barn er bortført, skal Husbanken og arbeids- og velferdsforvaltningen stoppe utbetalinger som ikke kan betales ut i utlandet. Reglene for saksbehandling og klage er de samme som for den enkelte ytelse.

Åpne § 5
Skal barnebidrag fortsatt kreves inn hvis barnet er bortført?

Barnebidrag skal kreves inn etter vanlige regler så lenge et barn er bortført. Det er ikke mulig å kreve endring av bidraget etter barnelovens bestemmelse mens bortføringen varer.

Åpne § 6
Kan det stanses i utbetalinger hvis et barn er bortført til utlandet?

Offentlige ytelser og barnebidrag til en person som har bortført et barn til utlandet skal holdes tilbake. Dette skjer ikke dersom tiltaket er et uforholdsmessig inngrep i den konkrete situasjonen.

Åpne § 7
Hvilken informasjon kan hentes inn om barnet og personen som har bortført barnet?

Myndighetene kan hente inn nødvendig informasjon fra personer og instanser i saker om stans av utbetalinger ved barnebortføring. Dette gjelder personalia, bosted, helse, økonomi og relasjoner. Noen opplysninger kan kun hentes hvis de ikke kan skaffes på annen måte.

Åpne § 8

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2025

    • 20. juni 2025Barnelova1 §§ endret: § 6Barne- og familiedepartementet
    • 25. april 2025Innkrevingsloven1 §§ endret: § 3Finansdepartementet

Forarbeider og bakgrunn

Forskrifter med hjemmel i denne loven

2 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.