Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2. Kva lova gjeld

Kva lova gjeld

Lova gjeld for saker om bortføring av barn til utlandet. Eit barn skal reknast for bortført dersom det til vanleg er busett i Noreg, men er teke med til, eller vert halde tilbake i, eit anna land i strid med reglane i barnelova om foreldreansvaret. Det er også eit vilkår at a) Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet handsamar saka som ei bortføringssak etter reglane i Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring eller Europarådskonvensjonen frå 1980 om godkjenning og fullbyrding av avgjerder om foreldreansvar og om gjenoppretting av foreldreansvar (heretter kalla «konvensjonane»), b) politiet har registrert eit barn som sakna, eller c) det er oppretta straffesak om barnebortføring. Som barn skal reknast personar som ikkje har fylt 16 år.

Lova gjeld når barn under 16 år er tekne med til eller heldne tilbake i utlandet i strid med reglane om foreldreansvar. Det er krav om at saka vert handsama som ei bortføringssak av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, at politiet har registrert barnet som sakna, eller at det er oppretta straffesak.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 16 juni 2023 nr. 41 (i kraft 16 juni 2023 iflg. res. 16 juni 2023 nr. 928).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i1

Koblinger for § 2 i lov-om-stans-i-utbetalinger-etter-barnebortføring.

Les hele loven i sammenheng →