Lov
Nynorsk
§ 10. Endringar
Lov om supplerande stønad ved kort butid·Kapittel 3. Fastsetjing av ytingar·Sist endret 1. januar 2021
Endringar
Fastsett stønad skal setjast opp eller ned dersom det skjer endringar i inntektene eller dei andre tilhøva som er lagt til grunn ved fastsetjinga av stønaden, og dette fører med seg ei endring av stønaden med minst 10 prosent.
Ved endring i garantipensjonsnivå og grunnbeløpet skal supplerande stønad regulerast i tråd med desse endringane.
Frådrag i stønaden etter § 6 på grunn av alderspensjon eller uføretrygd frå folketrygda, eller andre ytingar som er direkte knytte til grunnbeløpet eller blir regulerte etter tilsvarande reglar som for alderspensjon frå folketrygda, skal regulerast i tråd med endringa i desse ytingane.
Retten til stønad fell bort dersom inntektsgrunnlaget etter § 6 i løpet av stønadsperioden tilsvarar eller er høgare enn full supplerande stønad etter § 5. Det same gjeld dersom stønadstakaren eller ektemaken får formue over grensa nemnd i § 8 første ledd.
Stønaden justeres dersom inntekt eller andre forhold endres med minst 10 prosent. Beløpet reguleres også når garantipensjon og grunnbeløpet endres. Retten til stønad opphører hvis inntekten blir for høy eller formuen overstiger en bestemt grense.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lover 22 des 2006 nr. 94 (ikr. 1 jan 2007), 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 jan 2011), 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V), 18 des 2020 nr. 138 (ikr. 1 jan 2021), 7 mai 2026 nr. 15.
Se ogsåLov om supplerande stønad ved kort butid § 6Lov om supplerande stønad ved kort butid § 5Lov om supplerande stønad ved kort butid § 8omtalt i 3 kilder →referert av 1 →
Sammenheng
Se også3
Nevnt i3
- Lovvedtak 38 (2025–2026)Vedtak til lov om endringer i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (presisering av reglene om behovsprøving)
- Lovvedtak 18 (2019–2020)Vedtak til lov om endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover
- Lovvedtak 36 (2010–2011)Vedtak til lov om endringer i lov om pensjonstrygd for sjømenn, lov om pensjonstrygd for fiskere og i enkelte andre lover (tilpasninger til endret alderspensjon i folketrygden)
Endringshistorikk1
Koblinger for § 10 i lov-om-supplerande-stønad-ved-kort-butid.