Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 13. Tilbakekrevjing

Lov om supplerande stønad ved kort butid·Kapittel 3. Fastsetjing av ytingar·Sist endret 1. januar 2026

Tilbakekrevjing

Supplerande stønad som er utbetalt utan at vilkåra for det var oppfylte, skal krevjast attende dersom den som fekk utbetalinga forsto eller burde ha forstått at utbetalinga grunna seg på ein feil. Vedtak om å krevje tilbake slike beløp er tvangsgrunnlag for utlegg. Beløp som skal krevjast tilbake etter første leddet, kan avreknast i framtidige terminar av supplerande stønad eller andre ytingar til livsopphald som vert administrerte av Arbeids- og velferdsetaten. Avrekninga kan ikkje utgjere meir enn 10 prosent av dei aktuelle terminbeløpa. Beløp som ikkje vert innkravde etter andre leddet, kan innkrevjast etter reglane i innkrevingsloven. Når supplerande stønad er utbetalt i utlandet i strid med reglane i § 4, skal for mykje utbetalt stønad avreknast månad for månad i ein ny stønadsperiode utan omsyn til om vilkåra for tilbakekrevjing etter første leddet er oppfylte.

Stønad som er utbetalt ved en feil skal betalast tilbake dersom mottakaren visste eller burde ha visst om feilen. Pengane kan trekkjast frå framtidige utbetalingar eller krevjast inn etter innkrevingsloven. Utbetalingar i utlandet i strid med reglane skal alltid avreknast.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 16 des 2005 nr. 118 (ikr. 1 jan 2006), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631), 19 des 2014 nr. 74 (ikr. 1 jan 2015), 25 april 2025 nr. 12 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 10 juni 2025 nr. 967).

Se ogsåLov om supplerande stønad ved kort butid § 4omtalt i 2 kilder

Sammenheng

Se også1
Nevnt i2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 13 i lov-om-supplerande-stønad-ved-kort-butid.

Les hele loven i sammenheng →