Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4. Opphald i utlandet

Lov om supplerande stønad ved kort butid·Kapittel 2. Personkrins – opphald i utlandet·Sist endret 1. januar 2006

Opphald i utlandet

Retten til supplerande stønad fell bort når ein person oppheld seg eller har tenkt å opphalde seg i utlandet i meir enn 90 dagar i samanheng eller i meir enn 90 dagar i alt i ein stønadsperiode. Dersom opphaldet i utlandet er meint å vare i meir enn 90 dagar i samanheng, fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då opphaldet i utlandet tok til. I andre tilfelle fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då vedkomande hadde vore i utlandet i 90 dagar eller summen av utanlandsopphalda i ein stønadsperiode utgjer 90 dagar. I tilfelle som går inn under andre leddet andre punktumet kan ytingar bli gitt for lengre tid enn nemnd dersom stønadstakaren legg fram dokumentasjon på at han eller ho ikkje kunne vende attende til Noreg på grunn av eigen sjukdom.

Retten til supplerende stønad bortfaller hvis man oppholder seg i utlandet i mer enn 90 dager sammenhengende eller totalt i løpet av en stønadperiode. Det finnes et unntak dersom man ikke kan returnere til Norge på grunn av egen sykdom.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 16 des 2005 nr. 118 (ikr. 1 jan 2006).

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 4 i lov-om-supplerande-stønad-ved-kort-butid.

Les hele loven i sammenheng →