Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6. Inntekt som går til frådrag i supplerande stønad

Lov om supplerande stønad ved kort butid·Kapittel 3. Fastsetjing av ytingar·Sist endret 1. januar 2021

Inntekt som går til frådrag i supplerande stønad

Full supplerande stønad skal setjast ned med inntekt hos stønadstakaren sjølv så vel som hos ektemaken. Dersom ektemaken har fylt 67 år, skal ektemaken si inntekt likevel berre inngå ved prøvinga av ytingane til stønadstakaren med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5 første leddet bokstav b. Dersom ektemaken er ufør flyktning, skal ektemaken si inntekt berre inngå ved prøvinga av ytingane til stønadstakaren med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5 andre leddet bokstav b. Som inntekt vert rekna a) arbeidsinntekt b) pensjon, uføretrygd og andre ytingar frå folketrygda til livsopphald, inkludert forsørgingstillegg c) introduksjonsstønad for nykomne innvandrarar, kvalifiseringsstønad, kontantstøtte og bidrag etter ekteskapslova d) andre norske offentlege eller private pensjonar, uføreytingar og andre ytingar til livsopphald, inkludert forsørgingstillegg e) kapitalinntekter f) tilsvarande inntekter eller ytingar som nemnde i bokstavane a til e frå utlandet. For uføre flyktningar skal arbeidsinntekt ikkje setjast lågare enn forventa inntekt etter uførheit, sjå folketrygdlova § 12-9 tredje leddet.

Supplerende stønad reduseres basert på inntekten til personen som får stønad og deres ektefelle. Det finnes egne regler for hvordan ektefellens inntekt regnes dersom vedkommende er over 67 år eller er uføre flyktning.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 20 juni 2014 nr. 24 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 20 juni 2014 nr. 799) som endra med lov 19 des 2014 nr. 74, 17 juni 2016 nr. 25, 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V) som endra med lov 18 des 2020 nr. 138.

Se ogsåLov om supplerande stønad ved kort butid § 5Folketrygdloven § 12-9omtalt i 3 kilderreferert av 2

Sammenheng

Se også2
Referert av2
Nevnt i3

Koblinger for § 6 i lov-om-supplerande-stønad-ved-kort-butid.

Les hele loven i sammenheng →