Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 12.

Lov um prisereglar og prisedomstolar·Kapittel II. Rettargangsreglar o.a.·Sist endret 1. januar 2008
Skip og last skal liggja tryggt forvart til det er sagt endeleg dom i saki dersom departementet som har med det, ikkje fastset noko anna i serhøve. Det som er fastsett i fyrste leden stengjer ikkje for at skip og last vert oreigna etter dei reglane som gjeld for norsk eigedom. Last som ikkje toler liggja, kan retten taka ved skal seljast gjennom namsmyndigheten etter reglane om tvangssal så langt dei høver eller på annen forsvarleg måte. Bestemmelsene i tvangsfullbyrdelseslova § 8-16 fyrste leden gjelder ikkje i dette høvet. Like eins kan domstolen taka ved etter at den militære styremakt som har med det å gjera, har sagt si meining, at skip eller last skal seljast, so framt domarane meiner det er fåre for at fienden kan få tak i eller få høve til å øydeleggja skipet eller lasti. Reglane i fyrre leden gjeld sameleis når eigaren ikkje hentar skip eller last som er frigjevne i endeleg dom. I slike høve kan skip og last like eins seljast soframt eigaren ikkje har henta dei innan rimeleg tid etter frigjevinga.
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 26 juni 1992 nr. 86, 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

Se ogsåTvangsfullbyrdelsesloven § 8-16referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 12 i lov-um-prisereglar-og-prisedomstolar.

Les hele loven i sammenheng →