Eit dokument som lyder på ihendehavaren, kan ikkje verta mortifisert utan det vert gjort truleg at dokumentet vart øydelagt i ei serskild hending. Ein pengesetel kan ikkje verta mortifisert.
Eit kupongark, med eller utan talong, kan verta mortifisert saman med dokumentet som det høyrer til, så framt det er grunn til å tru at båe vart øydelagde eller kom bort på same tid. Eit kupongark kan ikkje verta mortifisert serskilt, utan det vert gjort truleg at arket vart øydelagt eller kom bort i ei serskild hending. Lause kupongar og talongar kan ikkje verta mortifiserte. Det same gjeld kupongark som ikkje har att minst to kupongar, og om ein kupong med talong.
Reglene bestemmer når dokumenter som er tiltatt til innehaveren, eller kupongark, kan erklæres som ugyldige etter tap eller ødeleggelse. En pengeseddel kan aldri erklæres ugyldig på denne måten.AI