Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Justis- og beredskapsdepartementet

Lov om mortifikasjon av skuldbrev m.v.

Mortifikasjonslova

lov/1959-12-18-1·16 paragrafer·Sist endret 1. juli 2026·Utforsk grafen
I kraft 1961-01-01Sist endret ved lov/2026-05-07-17 fra 2026-07-01
Innhold16 paragrafer
Er det grunn til å tru at eit dokument er øydelagt eller bortkome og kan rettshavaren ikkje nytta retten etter dokumentet utan å ha det for hand, kan han krevja at det vert mortifisert i dom så framt han gjer det truleg at retten enno er til. Er dokumentet eit omsetningsskuldbrev eller anna omsetningspapir og skyldnaren gjer det truleg at skyldnaden er fallen bort eller ikkje er til, kan dokumentet verta mortifisert i dom jamvel etter krav frå skyldnaren, så framt hine vilkåra i fyrste leden er til stades og serlege grunnar gjer det rimeleg.

Hvis et viktig dokument er borte eller ødelagt, kan man i visse tilfeller få en domstol til å fastslå at retten dokumentet ga, fortsatt gjelder. Dette kan også gjelde for gjeldsbrev dersom skyldneren kan sannsynliggjøre at gjelden er borte.AI

referert av 3

Er det grunn til å tru at eit pantedokument er øydelagt eller bortkome og kan dokumentet ikkje verta stroke or grunnbok eller register utan dokumentet er for hand, kan det verta mortifisert i dom etter krav frå panteigaren endå om tilfellet ikkje går inn under § 1, så framt panteigaren gjer det truleg at heftet er falle bort eller ikkje er til.

Hvis et pantedokument er ødelagt eller borte, kan det slettes fra grunnboken gjennom en dom. Dette krever at panthaveren sannsynliggjør at pantet har falt bort eller ikke eksisterer.AI

Se ogsåMortifikasjonslova § 1referert av 1

Eit dokument som lyder på ihendehavaren, kan ikkje verta mortifisert utan det vert gjort truleg at dokumentet vart øydelagt i ei serskild hending. Ein pengesetel kan ikkje verta mortifisert. Eit kupongark, med eller utan talong, kan verta mortifisert saman med dokumentet som det høyrer til, så framt det er grunn til å tru at båe vart øydelagde eller kom bort på same tid. Eit kupongark kan ikkje verta mortifisert serskilt, utan det vert gjort truleg at arket vart øydelagt eller kom bort i ei serskild hending. Lause kupongar og talongar kan ikkje verta mortifiserte. Det same gjeld kupongark som ikkje har att minst to kupongar, og om ein kupong med talong.

Reglene bestemmer når dokumenter som er tiltatt til innehaveren, eller kupongark, kan erklæres som ugyldige etter tap eller ødeleggelse. En pengeseddel kan aldri erklæres ugyldig på denne måten.AI

Krav om mortifikasjon som høyrer under norsk domstol, lyt søkjaren bera fram for Helgeland tingrett.

Krav om mortifikasjon som høyrer under norsk domstol, skal søkjaren bringe fram for Helgeland tingrett.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 24 aug 1990 nr. 54, 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 14 des 2001 nr. 1416), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88, endring endra med lov 26 jan 2007 nr. 3), 20 juni 2008 nr. 46 (ikr. 1 juli 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 619), 7 mai 2026 nr. 17 (i kraft 1 juli 2026 iflg. res. 7 mai 2026 nr. 743).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Når ein søkjar krev å få mortifisert meir enn eit dokument, kan kravsmåla førehavast i ei sak, om reglane i § 4 ikkje er til hinder. Det same gjeld når to eller fleire saman krev å få mortifisert kvar sine dokument og dokumenta er utgjevne av same personen eller lyder på pant i same eigedomen eller tingen.

Flere krav om sletting av dokumenter kan behandles i samme sak. Dette gjelder både når én person krever sletting av flere dokumenter, eller når flere personer krever sletting av dokumenter utstedt av samme person eller knyttet til samme eiendom.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 20 juni 2008 nr. 46 (ikr. 1 juli 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 619).

Se ogsåMortifikasjonslova § 4

Munnleg kravsmål om mortifikasjon skal domaren skriva ned og skriva under saman med søkjaren. Med kravsmålet skal fylgja ei rettkjend avskrift av dokumentet; let det seg ikkje gjera, skal det greiast ut om alle dei viktigaste kjennemerke på dokumentet og elles gjevast så god opplysning om dokumentet at det ikkje vert forblanda. Dertil må søkjaren lata domaren få opplysningar som gjer det truleg at vilkåra for mortifikasjon ligg føre. Serleg må det gjerast greie for, så nøgje som råd er, kva tid og korleis dokumentet er, eller truleg er, øydelagt eller bortkome. Domaren kan påleggja søkjaren å få til vegar fleire opplysningar og jamvel kalla inn søkjaren og andre som truleg kan gjeva opplysningar, til å møta i retten og gjeva munnleg utgreiing. Reglane i tvisteloven om opptak av prov i rettssak, gjeld då på tilsvarande måte så langt dei høver.

Et muntlig krav om sletting av et dokument skal skrives ned og signeres av dommeren og søkeren. Søkeren må legge ved en kopi av dokumentet eller gi en nøyaktig beskrivelse, samt sannsynliggjøre at vilkårene for sletting er oppfylt.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88, endring endra med lov 26 jan 2007 nr. 3).
Held domaren det for truleg at vilkåra for mortifikasjon ligg føre, skal han fremja mortifikasjonssak mot dei som mun ha rett etter dokumentet. Saka vert sett i gang når domaren, med grunnlag i kravsmålet frå søkjaren, skriv ut ei oppmaning til dei som mun vera rettshavarar, om å melda seg til retten innan to månader. I oppmaninga skal det stå at melder ingen seg, vert det gjeve mortifikasjonsdom. Nøgnare reglar om kva meir det skal stå i ei oppmaning, kan Kongen gjeva. Oppmaninga skal utlysast ein gong i Norsk Lysingsblad. Utlysing i Lysingsbladet kan berre gjerast fyrste virkedag i ein månad. Meiner domaren at det er grunn for det, kan han dessutan kunngjera oppmaninga på annan måte, og likeins setja lenger frist enn lova byd. Fristen skal reknast frå den dagen lysinga stod i Lysingsbladet. Nektar domaren å fremja mortifikasjonssak, kan avgjerda klagast inn for departementet. Forvaltningslova §§ 27-33 gjeld i slike høve.

Hvis dommeren mener det er sannsynlig at vilkårene for mortifikasjon er oppfylt, skal det startes en sak mot mulige rettighetshavere. Dette skjer ved at det sendes ut en oppfordring om å melde seg til retten innen en bestemt frist.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 19 juni 1969 nr. 54, 20 juni 2008 nr. 46 (ikr. 1 juli 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 619), 14 juni 2013 nr. 41 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 638).

Se ogsåForvaltningsloven § 27 første leddomtalt i 1 kildereferert av 21 forskrift

Har ingen rettshavar etter dokumentet meldt seg når fristen i § 7 andre leden går ut, og er det heller ikkje kome fram noko anna som stengjer for mortifikasjon, gjev retten mortifikasjonsdom utan hovudførehaving. Melder nokon seg før fristen er ute og gjer motmæle mot at dokumentet vert mortifisert, skal saka overførast til ein annan domstol i samsvar med vernetingsreglane i tvisteloven §§ 4-4, 4-5 og 4-7 og deretter halde fram etter dei vanlege reglane i tvisteloven.

Hvis ingen rettighetshavere melder seg innen fristen, kan retten avsi dom om at dokumentet blir ugyldig. Dersom noen protesterer før fristen går ut, flyttes saken til riktig domstol for videre behandling etter vanlige regler.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88, endring endra med lov 26 jan 2007 nr. 3), 20 juni 2008 nr. 46 (ikr. 1 juli 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 619).

Se ogsåMortifikasjonslova § 7Tvisteloven § 4-4Tvisteloven § 4-5 første leddTvisteloven § 4-7referert av 1

Om mortifikasjonsdom etter § 8, fyrste leden, skal det ikkje gjevast tilseiing, men saksøkjaren skal få melding om avgjerda på den måten domaren held tenleg. Domen vert bindande med ein gong og kan ikkje prøvast i anke eller på onnor vis.

Når det er avsagt dom etter bestemmelsen i lovens åttende paragraf, skal det ikke gis formelt varsel, men saksøkeren får beskjed på en måte dommeren finner passende. Dommen er endelig og kan ikke ankes.AI

Se ogsåMortifikasjonslova § 8

Når eit dokument er mortifisert gjeld det ikkje lenger.

Et dokument som er mortifisert, har ikke lenger noen rettslig virkning.AI

Når nokon har fått mortifikasjonsdom etter § 1, fyrste leden, kan han gjera gjeldande retten etter dokumentet utan å ha det for hand. I andre tilfelle enn dei som er nemnde i § 12, fyrste leden, kan han og krevja at det vert skrive ut eit nytt dokument som skal gjelda i staden for det mortifiserte, så framt han sjølv ber kostnaden med denne åtgjerda.

Personer som har fått en mortifikasjonsdom kan i visse tilfeller kreve sin rett uten å ha det fysiske dokumentet. Det er også mulig å få utstedt et nytt dokument som erstatter det gamle, dersom man selv betaler for dette.AI

Se ogsåMortifikasjonslova § 1Mortifikasjonslova § 12referert av 1

Er eit tinglyst dokument om pant i fast eigedom mortifisert etter § 1, fyrste leden, gjeld ei rettkjend avskrift i staden for dokumentet når domaren gjev påskrift om det på avskrifta. Det same gjeld om andre tinglyste eller registrerte dokument. Når eit dokument som er nemnt i fyrste leden, er mortifisert etter § 1, andre leden, eller § 2, skal det strykast i grunnbok eller register.

Hvis et tinglyst dokument om pant i fast eiendom er mortifisert, kan en rettsgyldig avskrift gjelde i stedet for originaldokumentet dersom en dommer bekrefter dette. Dokumenter som er mortifisert på andre måter, skal slettes fra grunnboken eller registeret.AI

Se ogsåMortifikasjonslova § 1Mortifikasjonslova § 2referert av 2

I serhøve kan domaren fastsetja at avgjerd om å fremja mortifikasjonssak skal ha slik verknad som ein mortifikasjonsdom har etter §§ 11 og 12. Men då må søkjaren ha gjeve fullgod trygd til dess mortifikasjonsdom er gjeven. Nektar domaren å gjera vedtak etter fyrste punktum eller å godtaka trygda som er bodi, kan avgjerda klagest inn for departementet. Forvaltningslova §§ 27-33 gjeld i slike høve. Vert dokumentet ikkje mortifisert, hefter trygda for alt tap som reglane i § 11 eller § 12, fyrste leden, har ført med seg for skyldnaren eller reglane i § 12, andre leden for dokumentinnehavaren, når skaden ikkje er sjølvvalda. Nøgnare reglar om trygdegjeving etter denne paragrafen kan Kongen fastsetja.

Dommeren kan bestemme at en avgjørelse om å starte en sak skal ha samme virkning som en endelig dom, forutsatt at søkeren har stilt tilstrekkelig sikkerhet. Hvis dokumentet ikke blir mortifisert, skal sikkerheten dekke tap som har oppstått.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 1969 nr. 54.

Se ogsåMortifikasjonslova § 11Forvaltningsloven § 27 første leddMortifikasjonslova § 12

Paragraf 200 i lova om domstolane gjeld på tilsvarande måte når ein domar har føre kravsmål om mortifikasjon etter denne lova.

Bestemmelsen slår fast at reglene om dommeres habilitet fra domstolsloven også gjelder når det er reist krav om mortifikasjon etter denne loven.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 9 mars 1962 nr. 1, 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88, endring endra med lov 26 jan 2007 nr. 3).

Se ogsåDomstolloven § 200

Denne lova tek til å gjelda 1 januar 1961. – – –.

Loven trådte i kraft 1. januar 1961.AI

Når denne lova tek til å gjelda, vert etternemnde lover brigda såleis – – –.

Denne bestemmelsen forklarer hvordan andre lover skal endres når denne loven begynner å gjelde.AI

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva skjer hvis et dokument jeg trenger er ødelagt eller borte?

Hvis et viktig dokument er borte eller ødelagt, kan man i visse tilfeller få en domstol til å fastslå at retten dokumentet ga, fortsatt gjelder. Dette kan også gjelde for gjeldsbrev dersom skyldneren kan sannsynliggjøre at gjelden er borte.

Åpne § 1
Hva skjer hvis et pantedokument er ødelagt?

Hvis et pantedokument er ødelagt eller borte, kan det slettes fra grunnboken gjennom en dom. Dette krever at panthaveren sannsynliggjør at pantet har falt bort eller ikke eksisterer.

Åpne § 2
Kan en pengeseddel erklæres ugyldig?

Reglene bestemmer når dokumenter som er tiltatt til innehaveren, eller kupongark, kan erklæres som ugyldige etter tap eller ødeleggelse. En pengeseddel kan aldri erklæres ugyldig på denne måten.

Åpne § 3
Kvar skal krav om mortifikasjon som høyrer under norsk domstol bringast fram?

Krav om mortifikasjon som høyrer under norsk domstol, skal søkjaren bringe fram for Helgeland tingrett.

Åpne § 4
Kan flere dokumenter slettes i samme sak?

Flere krav om sletting av dokumenter kan behandles i samme sak. Dette gjelder både når én person krever sletting av flere dokumenter, eller når flere personer krever sletting av dokumenter utstedt av samme person eller knyttet til samme eiendom.

Åpne § 5
Hva skjer hvis man fremsetter et muntlig krav om sletting?

Et muntlig krav om sletting av et dokument skal skrives ned og signeres av dommeren og søkeren. Søkeren må legge ved en kopi av dokumentet eller gi en nøyaktig beskrivelse, samt sannsynliggjøre at vilkårene for sletting er oppfylt.

Åpne § 6
Hva skjer hvis ingen melder seg etter oppfordringen fra retten?

Hvis dommeren mener det er sannsynlig at vilkårene for mortifikasjon er oppfylt, skal det startes en sak mot mulige rettighetshavere. Dette skjer ved at det sendes ut en oppfordring om å melde seg til retten innen en bestemt frist.

Åpne § 7
Hva skjer hvis ingen melder seg innen fristen?

Hvis ingen rettighetshavere melder seg innen fristen, kan retten avsi dom om at dokumentet blir ugyldig. Dersom noen protesterer før fristen går ut, flyttes saken til riktig domstol for videre behandling etter vanlige regler.

Åpne § 8

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2026

  2. 2013

Forarbeider og bakgrunn

Forskrifter med hjemmel i denne loven

1 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Mortifikasjonslova.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.