Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7. Vilkår for gjennomføring av medisinsk obduksjon og rett for pårørande til å nekte obduksjon

Obduksjonslova·Kapittel 2. Obduksjon·Sist endret 1. juni 2021

Vilkår for gjennomføring av medisinsk obduksjon og rett for pårørande til å nekte obduksjon

Medisinsk obduksjon kan berre gjennomførast når det ikkje er grunn til å tru at den døde ville ha motsett seg ei slik undersøking. Dei pårørande skal, så sant det er mogeleg, spørjast om det ligg føre forhold som tilseier at den døde ville ha motsett seg obduksjon. Medisinsk obduksjon kan ikkje gjennomførast dersom ein av dei næraste pårørande til den døde, jf. § 3 bokstav d, nektar obduksjon. Næraste pårørande til den døde skal, så sant det er mogeleg, informerast om at det er ønskeleg med obduksjon, kva den inneber og om mogelegheita for å nekte obduksjon. Reglane i første og andre ledd gjeld tilsvarande for uttak av biologisk materiale frå avdøde til bruk i undervisning eller forsking. Dersom det ligg føre særlege grunnar til at den døde bør obduserast, kan statsforvaltaren tillate at obduksjon blir gjennomført sjølv om vilkåra i første og andre ledd ikkje er oppfylt.

Medisinsk obduksjon kan utføres dersom det ikke er grunn til å tro at avdøde ville ha motsatt seg det. Pårørende skal informeres og kan nekte obduksjon, men statsforvalteren kan tillate det ved særlige grunner.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Se ogsåObduksjonslova § 3omtalt i 4 kilderreferert av 5

Sammenheng

Se også1
Referert av5
Nevnt i4
Endringshistorikk1

Koblinger for § 7 i obduksjonslova.

Les hele loven i sammenheng →