Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 17. Oppløysing av sameige

Odelslova·Kapittel V. – Særskilt om makeskifte og om odelsrett i sameigehøve.·Sist endret 1. juli 2009

Oppløysing av sameige

Blir sameige i odelsjord oppløyst med deling mellom sameigarane, får kvar av dei odelsretten til det stykket han får utlagt. Dette gjeld endå om stykket er større enn det som skulle falle på han etter høvestalet i sameiga, og anten odelen hans før galdt ein part eller heile eigedomen. Blir sameiga oppløyst ved tvangssal, kan dei tidlegare sameigarane ikkje løyse eigedomen frå tvangssalgskjøparen eller rettsetterfølgjarane hans. Er kjøparen ein sameigar som tidlegare hadde odelsrett berre til ein part, får han odelsrett til heile eigedomen. Ein utanforståande med betre odelsrett til eigedomen har same løysingsrett som før.

Når et sameie av odelsjord deles, får hver eier odelsrett til den delen de tildeles. Ved tvangssalg kan ikke tidligere eiere løse ut eiendommen fra kjøperen, men en kjøper som allerede var medeier med odelsrett kan få odelsrett til hele eiendommen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 26 juni 1992 nr. 86, 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848).

Les hele loven i sammenheng →