Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 16. Makeskifte og kjøp av tilleggsjord

Odelslova·Kapittel V. – Særskilt om makeskifte og om odelsrett i sameigehøve.·Sist endret 1. januar 2016

Makeskifte og kjøp av tilleggsjord

Når eigedomar seg i mellom byter jordstykkje eller teigar utan mellomlag, går kvar teig inn under odel eller odling på den eigedomen teigen blir høyrande til. Det same gjeld om det blir gjeve eit mellomlag som etter måten er så lite at teigane i røynda må reknast for å være jamgode. Det som her er sagt gjeld tilsvarande om ein teig blir bytt med ein råderett over ein annan eigedom. Når jord ved jordskifte blir overført frå ein eigedom til ein annan, eller bruksrett blir avløyst med eit grunnstykkje, gjeld det som er sagt i første stykket tilsvarande. Jord som blir lagt til ein eigedom som tilleggsjord, går inn under odel eller odling på den eigedomen jorda blir lagt til når departementet har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord. For odelsjord må i tillegg foreldingstida vere ute.

Når jordområder byttes mellom eiendommer, følger odelsretten det området jorda tilhører. Dette gjelder også ved jordskifte eller bytte mot bruksrett. Kjøp av tilleggsjord blir odelsjord når departementet har godkjent kjøpet og foreldelsestiden er ute.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 15 juni 2001 nr. 78 (ikr. 1 juli 2001 iflg. res. 15 juni 2001 nr. 714), 27 mai 2005 nr. 31 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 27 mai 2005 nr. 487), 8 des 2006 nr. 68 (ikr. 1 jan 2007 iflg. res. 8 des 2006 nr. 1361), 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848), 14 juni 2013 nr. 47 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 645), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736).

omtalt i 3 kilder

Sammenheng

Nevnt i3
Endringshistorikk1

Koblinger for § 16 i odelslova.

Les hele loven i sammenheng →