Lov
Nynorsk
§ 15. Odelsvilkår knytt til eigedom som blir samodla av ektemakar eller sambuarar
Odelslova·Kapittel IV. – Odelsvilkår knytt til eigedom som blir samodla av ektemakar eller sambuarar·Sist endret 1. januar 2021
Odelsvilkår knytt til eigedom som blir samodla av ektemakar eller sambuarar
Ein ektemake vinn ikkje odelsrett til ein eigedom som den andre ektemaken har odelsrett til før ekteskapet eller får nedervd odelsrett til under ekteskapet, og heller ikkje til eigedom som den eine av ektemakane eig før ekteskapet utan at han har odelsrett til den.
Det same gjeld eigedom som ein ektemake får under ekteskapet som arv eller gåve, og eigedom som blir hans særeige. Likeeins gjeld det odlingsjord som går inn i fellesbuet etter at nokon av foreldra til den eine ektemaken har påbyrja, men ikkje fullført odelshevd. Likt med foreldre reknar ein andre som etter § 10 kan rekne saman eigartidene.
Jord som ein ektemake i felleseige elles blir eigar av under ekteskapet, skal i høve til denne lova reknast for å vere ført inn i buet av begge ektemakane saman. Når slik eigedom høyrer til felleseiga i heile hevdstida, hevdar dei odelsrett for seg sjølve og for fellesbarn og særkullsbarn, jfr. § 13. Døyr ein av ektemakane før hevdstida er ute, får likevel fellesbarn og særkullsbarn odelsrett når den attlevande fullfører odelshevda.
Når sambuarar i ekteskapsliknande forhold blir eigarar av ein eigedom med like partar og sameiget varer i heile hevdstida, hevdar dei odelsrett for seg sjølve og for fellesbarn og særkullsbarn. Døyr ein av sameigarane før hevdstida er ute, får likevel fellesbarn og særkullsbarn odelsrett når den attlevande fullfører odelshevda. Som sambuar etter dette stykket reknar ein den som fyller vilkåra i arvelova § 2 tredje ledd.
Reglene bestemmer når ektefeller eller samboere får odelsrett til eiendom de eier sammen. Som hovedregel får man ikke odelsrett til eiendom som partneren hadde fra før, eller som er mottatt som arv, gave eller særeie.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lover 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848, sjå lovas IX første ledd nr. 3), 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149.
Se ogsåOdelslova § 10Odelslova § 13Arveloven § 2omtalt i 1 kilde →referert av 3 →
Sammenheng
Referert av3
Nevnt i1
Koblinger for § 15 i odelslova.