Lov
Nynorsk
§ 13. Ektemakar og sambuarar sin prioritet når dei samodlar
Ektemakar og sambuarar sin prioritet når dei samodlar
Når jord er odla av ektemakar eller sambuarar i ekteskapsliknande forhold etter § 15 tredje eller fjerde stykket, får dei lik odelsprioritet. Har dei barn saman, får desse betre odelsrett enn særkullsbarn som den eine eller begge måtte ha. Mellom særkullsbarna går odelen etter § 12.
Ved skifte av felleseige mellom ektemakar får den av dei som samodla jord blir utlagd til prioritet framfor den andre. Har dei ikkje fellesbarn, men kvar av dei har særkullsbarn, får barna til den av ektemakane som får jorda utlagt, betre odelsrett enn barna til den andre. Har denne ektemaken og etterkomarane hans ått jorda i 20 år, fell odelen i den andre lina bort.
Andre stykket gjeld tilsvarande når jord samodla etter § 15 fjerde stykket blir tatt over av ein av sambuarane.
Ektemakar og sambuarar som har odla jord saman, har lik odelsprioritet. Felles barn har betre odelsrett enn særkullsbarn. Ved skifte får den som får jorda tildelt prioritet framfor den andre.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848).
Sammenheng
Se også2
Referert av2
Koblinger for § 13 i odelslova.