Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 14. Odelsprioritet når odelsjorda består av fleire eigedomar

Odelslova·Kapittel III. – Om odelsrekkefølgja.·Sist endret 1. juli 2009

Odelsprioritet når odelsjorda består av fleire eigedomar

Mellom sysken og deira liner gjeld føreretten til odelsjord berre ein eigedom. Den som frå nokon av foreldra eller frå slektningar elles i rett oppstigande line har tatt over ein eigedom som fyller krava til odlingsjord, har ikkje førerett til fleire odelseigedomar, så lenge yngre sysken eller deira liner ikkje har fått kvar sin. Det same gjeld når nokon frå eigne sysken eller sysken av foreldra har tatt over eigedom som han har odelsrett til. Slik er det også der nokon av etterkomarane hans har tatt over eigedom frå slektningar i rett oppstigande line eller frå sysken av han. Likt med overtaking som nemnt blir rekna at slik eigedom er løyst på odel eller kjøpt på tvangssal. Odelsrett kan likevel gjerast gjeldande etter dei vanlege reglane, dersom rettshavaren tilbyr dei yngre syskenlinene å overta den første eigedomen for ein pris som blir fastsett ved skjøn. Han har rett til å gå frå tilbodet etter at prisen for begge eigedomane er endeleg fastsett. Dersom det er fleire eigedomar etter at kvar line har fått sin, går føreretten etter prioritetsrekkefølgja i § 12, jfr. § 13, og reglane ovafor i denne paragrafen.

Hovedregelen er at man kun har fortrinnsrett til én odelseiendom mellom søsken og deres etterkommere. Den som allerede har overtatt en odelseiendom, kan ikke kreve fortrinnsrett til flere så lenge yngre søsken eller deres linjer ikke har fått hver sin.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 26 juni 1992 nr. 86, 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848).

Se ogsåOdelslova § 12Odelslova § 13referert av 2

Sammenheng

Se også2
Referert av2

Koblinger for § 14 i odelslova.

Les hele loven i sammenheng →