Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 20 a. Frist og formkrav mv

Odelslova·Kapittel VI. – Kven odelsrett kan gjerast gjeldande mot og allmenne avgrensingar i løysingsretten·Sist endret 1. juni 2021

Frist og formkrav mv

Ein eigar eller bustyrar som set fram kjøpstilbod som nemnt i § 20, kan setje ein frist for den som får tilbodet, til å seie ifrå om han vil gå inn i tilbodet. Fristen kan ikkje setjast kortare enn to månader rekna frå det tidspunktet tilbodet har kome fram til odelsrettshavaren. Tilbod og svar skal vere skriftleg. Tilbod og svar kan likevel gjerast ved bruk av elektronisk medium dersom eigaren og den som får tilbodet, er samde om det. Er det mindreårige eller personar som heilt eller delvis manglar rettsleg handleevne mellom dei som det er aktuelt å gi eit slikt tilbod, skal tilbodet også sendast statsforvaltaren.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848, sjå lovas IX), endra med lover 26 mars 2010 nr. 9 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 5 apr 2013 nr. 338) som endra med lov 5 apr 2013 nr. 12, 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Se ogsåOdelslova § 20referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 20 a i odelslova.

Les hele loven i sammenheng →