Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 42. Odelsrett og prioritet ved tilbakeføring, arv og tvangssal

Odelslova·Kapittel X. – Forelding av odelsrett og løysingsrett.·Sist endret 1. juli 2009

Odelsrett og prioritet ved tilbakeføring, arv og tvangssal

Dersom ein eigar skøyter eigedomen tilbake til ein tidlegare eigar som han ættar frå, eller eigedomen fell tilbake til den tidlegare eigaren ved arv, eller den tidlegare eigaren kjøper eigedomen på tvangssal, blir den tidlegare eigars odelsrett ikkje rekna for å vere tapt, endå om han hadde best odelsrett og det er gått meir enn seks månader sidan den andre fekk tinglyst heimel. Stoda blir i dette tilfelle den same som om den opphavelege avhendaren hadde ått eigedomen heile tida. Det same gjeld om ein son eller ei dotter som har tatt over odelsjord, skøyter den vidare til nokon av dei eldre syskena eller deira liner. Det same gjeld også om nokon av dei eldre syskena eller deira liner arvar eigedomen eller kjøper han på tvangssal.

Odelsretten går ikke tapt dersom en eiendom føres tilbake til en tidligere eier eller til eldre søsken. Dette gjelder ved overføring, arv eller tvangssalg, og det spiller ingen rolle om det har gått mer enn seks måneder siden eiendommen ble tinglyst.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 26 juni 1998 nr. 46, 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848, sjå lovas IX).

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 42 i odelslova.

Les hele loven i sammenheng →