Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 48. Vernetilfella

Odelslova·Kapittel X. – Forelding av odelsrett og løysingsrett.·Sist endret 1. juli 2009

Vernetilfella

Så lenge ein attlevande ektemake eller sambuar sit med ein eigedom med vern mot odelsløysing i medhald av §§ 34 til 36, jf. § 39, går det ingen foreldingsfrist for odelsrett til eigedomen. Dette gjeld og om odelsrettshavarane let den attlevande ektemaken eller sambuaren sitje med eigedomen ut over den tid som er fastsett i §§ 34 til 36. Det går heller ingen foreldingsfrist der odelsrettshavarar ikkje kan krevje å få overta eigedomen på grunn av føresegnene i § 19 andre stykket. Dette gjeld òg der odelsrettshavarar let mora eller faren sitje med eigedomen ut over den tid som er fastsett i § 19 andre stykket.

Odelsretten foreldes ikke så lenge en etterlatte ektefelle eller samboer har beskyttelse mot odelsløsning. Det samme gjelder dersom odelsrettshavere ikke kan kreve eiendommen på grunn av spesielle regler, eller om foreldre får beholde eiendommen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 11 juni 1993 nr. 82, 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848, sjå lovas IX).

Se ogsåOdelslova § 34Odelslova § 36Odelslova § 39Odelslova § 19

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 48 i odelslova.

Les hele loven i sammenheng →