Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 36. Attlevande sitt vern overfor andre odelsrettshavarar

Odelslova·Kapittel IX. – Attlevande ektemake og sambuar sitt vern·Sist endret 1. juli 2009

Attlevande sitt vern overfor andre odelsrettshavarar

Andre odelsrettshavarar enn dei som er nemnde i §§ 34 og 35 kan ikkje gjera gjeldande odelsrett mot den attlevande ektemaken, så framt eigedomen har vore i felleseige med den avlidne i minst fem år. Dette gjeld så lenge den attlevande ikkje har rett til pensjon som nemnt i § 34 første stykket, og vilkåret er elles at odelsrettshavaren ikkje kunne ha løyst eigedomen frå den avlidne ektemaken. Også før denne tid kan ein odelsrettshavar gjere odelsrett gjeldande til eigedomen når det ville vere klårt urimeleg om den attlevande skulle halde fram med å sitje med den. § 34 andre stykket og § 39 første stykket andre punktum gjeld tilsvarande. Første stykket gjeld tilsvarande når attlevande i ekteskapsliknande sambuarforhold blir eigar av avlidnes odelsjord.

En etterlatte ektefelle eller samboer kan i visse tilfeller beholde odelsjord selv om andre har odelsrett. Dette gjelder hovedsakelig hvis eiendommen har vært i felleseie i minst fem år, med mindre det ville være klart urimelig at den etterlatte beholder den.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848, sjå lovas IX).

Se ogsåOdelslova § 34Odelslova § 35Odelslova § 39referert av 4

Sammenheng

Se også3
Referert av4

Koblinger for § 36 i odelslova.

Les hele loven i sammenheng →