Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 11-1. Foreldremøte og foreldresamtale

Opplæringsforskrifta·Kapittel 11. Samarbeid med foreldra, skolebibliotek og saksbehandling som gjeld det fysiske skolemiljøet

Foreldremøte og foreldresamtale

Frå 1. trinn i grunnskolen til vidaregåande trinn 2 skal skolen i starten av kvart skoleår halde eit foreldremøte der dei gir informasjon om innhaldet i og organiseringa av opplæringa, om korleis foreldra kan medverke, og om rutinar og andre relevante forhold. I grunnskolen skal skolen minst to gonger i året invitere foreldra til elevane til ein planlagd samtale med kontaktlæraren. På vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 skal skolen invitere foreldra til elevar som ikkje er myndige, til minst éin slik planlagd samtale i løpet av første halvår av skoleåret. Samtalen etter andre ledd skal gi foreldra informasjon om korleis eleven arbeider, den faglege utviklinga til eleven, og korleis eleven utviklar seg sosialt. Samtalen skal også klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for at eleven lærer og utviklar seg. Elevar som har fylt tolv år, har rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 9-6. Skolen skal gi foreldra til elevar som ikkje er myndige, skriftleg eller munnleg melding om fråværet til elevane.

Skolen skal holde et foreldremøte ved starten av hvert skoleår. Foreldre i grunnskolen skal inviteres til samtale med kontaktlærer minst to ganger i året, mens foreldre til ikke-myndige elever i videregående skole skal inviteres minst én gang i første halvår.AI

Endret 2. april 2025 · i kraft 2. april 2025
Endringshistorikk (2)
  • 2. april 2025Endr. i opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta
  • 19. juni 2024Endr. i opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta mfl.

Se ogsåOpplæringsforskrifta § 9-6referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1
Endringshistorikk2

Koblinger for § 11-1 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →