Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 13-4. Behandling av søknader om vidaregåande opplæring for vaksne

Opplæringsforskrifta·Kapittel 13. Inntak og formidling til vidaregåande opplæring for vaksne

Behandling av søknader om vidaregåande opplæring for vaksne

Fylkeskommunen skal fortløpande behandle søknader om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne og gjennomføre realkompetansevurdering for vaksne. Fylkeskommunen kan ikkje ha ventelister og skal innan rimeleg tid gi søkjarane eit tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne. Fylkeskommunen skal ta inn søkjarar i denne rekkjefølgja: a) dei som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 18-3 og § 18-6 b) dei som har rett til yrkesfagleg rekvalifisering etter opplæringslova § 18-4 c) dei som har rett til påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 18-7. Dersom fylkeskommunen skal ta inn søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring, skal dei takast inn etter søkjarane i andre ledd.

Fylkeskommunen skal behandle søknader om voksenopplæring fortløpende og kan ikke ha ventelister. Søkere med lovfestet rett til opplæring skal prioriteres før andre søkere.AI

Se ogsåOpplæringslova § 18-3Opplæringslova § 18-6Opplæringslova § 18-4Opplæringslova § 18-7referert av 1

Sammenheng

Se også4
Referert av1

Koblinger for § 13-4 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →