Lov
Nynorsk
§ 18-3. Rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Dei som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring, men ikkje har studiekompetanse eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år. Det gjeld også dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, skal komme inn på eit opplæringstilbod som fører fram til ein av tre sluttkompetansar som dei har søkt på. Fylkeskommunen skal sørgje for at søkjarar med betydeleg realkompetanse knytt til ein viss yrkeskompetanse får høve til å formalisere denne kompetansen gjennom fag- eller sveinebrev.
Dersom fylkeskommunen tilbyr det, kan dei som har rett til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen, men som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, likevel velje vidaregåande opplæring etter kapittel 5. Dei får då dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1.
Departementet kan gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, og om inntaket til opplæringa.
Voksne uten studie- eller yrkeskompetanse har rett til videregående opplæring fra det skoleåret de fyller 19 år. Dette gjelder også for utdanning fra utlandet som ikke er godkjent i Norge. Man skal få plass på et tilbud som fører til en av de kompetansene man har søkt på.AI
Se ogsåOpplæringslova § 5-1 første leddomtalt i 2 kilder →referert av 11 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Se også1
Referert av11
- Opplæringslova § 5-1 første leddRett til vidaregåande opplæring
- Opplæringslova § 18-5Vidaregåande opplæring for vaksne utan rett
- Opplæringslova § 18-6Rett til læreplass eller anna tilbod i den vidaregåande opplæringa for vaksne
- Opplæringslova § 18-7Påbygging og opplæring fram til generell studiekompetanse
- Opplæringsforskrifta § 13-1Kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne
- Opplæringsforskrifta § 13-2Opplæringstilbodet i den vidaregåande opplæringa for vaksne
- Opplæringsforskrifta § 13-4Behandling av søknader om vidaregåande opplæring for vaksne
- Privatskoleforskrifta § 3-2Kven som kan takast inn
- Utlendingsforskriften § 11-12Unntak fra kravet om selvforsørgelse
- Privatskolelova § 3-1 første leddInntak av elevar
- Privatskolelova § 3-2Rett og plikt til opplæring
Nevnt i2
Koblinger for § 18-3 i opplæringslova.