Forskrift
Nynorsk
§ 2-2. Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. til 3. trinn
Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. til 3. trinn
Kommunen skal gi tolv timar gratis skolefritidsordning per veke for elevar på 1. til 3. trinn som har plass i ordninga. Kommunen kan ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.
Kravet i første ledd gjeld også dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane.
Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei tolv timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Dette gjeld ikkje ved tilbod om skolefritidsordning i skoleferiane.
Kommunen kan krevje betaling for kost.
Elevar på 1. til 3. trinn som har plass i SFO, skal ha tolv timar gratis i veka. Kommunen kan krevje betaling for mat. Foreldre kan få tilbod om å fordele timane på alle kvardagane dersom det er praktisk mogleg.AI
Noter (1)
- EndringVert endra ved forskrift 20 mars 2026 nr. 443 (i kraft 1 aug 2026).
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 2-2 i opplæringsforskrifta.