Lov
Nynorsk
§ 12-4. Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt)
Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt)
Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev.
Alle som arbeider på skolen, skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Det gjeld også når ein elev seier sjølv at ho eller han ikkje har det trygt og godt. Skolen skal snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen i alvorlege tilfelle.
Skolen skal lage ein skriftleg plan for tiltaka i ei sak. I planen skal det stå
a) kva problem tiltaka skal løyse
b) kva tiltak skolen har planlagt
c) når tiltaka skal gjennomførast
d) kven som skal gjennomføre tiltaka
e) når tiltaka skal evaluerast
Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til andre ledd, i den forma og det omfanget som er nødvendig.
Alle ansatte ved skolen skal følge med på elevenes trivsel og gripe inn ved krenkelser. Skolen må undersøke og rette opp situasjonen med tiltak når et utrygt skolemiljø oppdages. Det skal utarbeides en skriftlig plan for tiltakene, og arbeidet skal dokumenteres.AI
Sammenheng
Referert av5
- Opplæringslova § 12-6Statsforvaltaren si handheving av plikta til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø i enkeltsaker
- Opplæringslova § 12-9Straffansvar for brot på reglane om skolemiljø
- Opplæringsforskrifta § 20-5Ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar
- Privatskoleforskrifta § 14-5Ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar
- Privatskolelova § 2-4Krav til skoleanlegg og skolemiljø
Koblinger for § 12-4 i opplæringslova.