Lov
Nynorsk
§ 3-2. Opplæring i og på samisk i grunnskolen
Opplæringslova·Kapittel 3. Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskoleopplæringa·Sist endret 14. juni 2024
Opplæring i og på samisk i grunnskolen
Samiske elevar har rett til opplæring i anten nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk.
Alle elevar som bur i språkutviklingskommunar eller språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1, har rett til opplæring i og på samisk. Språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar kan gi forskrift om at elevane skal ha grunnleggjande opplæring i samisk språk og samisk kultur.
Dersom minst ti elevar i ein annan kommune enn språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 krev opplæring i og på samisk, har dei rett til det. Retten står ved lag så lenge det er minst seks elevar att som vil ha slik opplæring.
Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i samisk og om dei skal ha opplæring i og på samisk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.
Opplæringa på samisk kan leggjast til ein eller fleire skolar i kommunen.
Kommunen skal tilby ein del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg.
Samiske elever har rett til opplæring i samisk. I enkelte kommuner gjelder dette for alle elever, mens det i andre kommuner kreves et visst antall elever. Foreldre eller elevene selv bestemmer om opplæringen skal skje i eller på samisk.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.
Sammenheng
Se også1
Referert av6
- Opplæringslova § 3-1Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen
- Opplæringslova § 24-4Rett til å ta avgjerder for eleven når barnevernstenesta har overtatt omsorga
- Opplæringsforskrifta § 1-2Opplæring i og på samisk
- Opplæringsforskrifta § 1-10Fritak frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
- Opplæringsforskrifta § 1-11Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
- Forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen § 6Reglar i opplæringslova som gjeld for opplæring i Longyearbyen
Nevnt i3
- Innst. 30 S (2024–2025)Innstilling til Stortinget fra kontroll- og konstitusjonskomiteen
- Lovvedtak 78 (2023–2024)Vedtak til lov om endringer i opplæringslova og privatskolelova (kompetansekrav, faglig ansvar og bruk av fysisk inngripen for å avverge skade m.m.)
- Innst. 442 L (2022–2023)Innstilling til Stortinget fra utdannings- og forskningskomiteen
Endringshistorikk1
Koblinger for § 3-2 i opplæringslova.