Lov
Nynorsk
§ 7-2. Inngåing og endring av kontrakt om opplæring
Inngåing og endring av kontrakt om opplæring
Dei som skal ha læretid i bedrift, skal skrive kontrakt om opplæring med ei lærebedrift før opplæringa tek til. Det skal stå i kontrakten kva som er målet for opplæringa, og kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa. Kontrakten skal vise til den eller dei arbeidsavtalane som er inngått.
Kontrakten skal godkjennast av fylkeskommunen og kan berre endrast etter samtykkje frå fylkeskommunen.
Kontrakten gjeld frå den tida opplæringa tek til, sjølv om godkjenninga kjem seinare.
Fylkeskommunen kan godkjenne kontraktar om opplæring som fråvik det fastsette opplæringsløpet.
Departementet kan gi forskrift om kva form og innhald kontrakten skal ha, om endring av kontrakten, og om fylkeskommunens høve til å godkjenne kontraktar som fråvik det fastsette opplæringsløpet.
Personer som skal ha læretid i bedrift, må ha en skriftlig opplæringskontrakt før oppstart. Kontrakten skal beskrive målene for opplæringen og hvem som har ansvar. Fylkeskommunen må godkjenne kontrakten og eventuelle endringer.AI
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Referert av5
- Opplæringslova § 7-4Kva rettar og plikter dei med læretid i bedrift har som arbeidstakarar. Tilhøvet til arbeidsmiljøloven
- Opplæringslova § 7-12Samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor)
- Opplæringsforskrifta § 6-5Kven godskrivingsreglane gjeld for, og når godskrivingsreglane gjeld
- Opplæringsforskrifta § 6-17Samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor)
- Opplæringsforskrifta § 6-18Krav til samarbeidsorgan for lærebedrifter
Nevnt i1
Koblinger for § 7-2 i opplæringslova.