Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7-3. Heving og oppseiing av kontrakt om opplæring

Opplæringslova·Kapittel 7. Opplæring i bedrift

Heving og oppseiing av kontrakt om opplæring

Ein kontrakt om opplæring kan seiast opp dersom partane er samde om det. Lærebedrifta skal orientere fylkeskommunen skriftleg før kontrakten blir oppsagd. Fylkeskommunen skal gjere vedtak om å heve kontrakten om opplæring dersom den som har læretid, seier skriftleg frå at han eller ho ikkje ønskjer å halde fram ut kontrakttida. Fylkeskommunen kan også gjere vedtak om å heve kontrakten om opplæring dersom ein av partane gjer seg skyldig i vesentlege brot på pliktene sine i arbeidsforholdet eller ein av partane ikkje er i stand til å oppfylle kontrakten. Før det blir gjort vedtak om å heve ein kontrakt om læretid etter krav frå lærebedrifta, skal den som har læretid i bedrift, få høve til å forklare seg munnleg for fylkeskommunen. Dersom ein kontrakt om opplæring blir oppsagd eller heva, skal lærebedrifta skrive ut ein attest om opplæringa som er gjennomført.

En kontrakt om opplæring kan avsluttes hvis partene er enige, eller hvis lærlingen ønsker å slutte. Kontrakten kan også heves ved alvorlige brudd på plikter eller hvis kontrakten ikke kan oppfylles. Bedriften skal utstede en attest ved avslutning.AI

omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i1

Koblinger for § 7-3 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →