Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 10-3. Rett til grunngiving for karakteren

Opplæringsforskrifta·Kapittel 10. Klage på sluttvurderingar

Rett til grunngiving for karakteren

Dei som har klagerett, kan innanfor klagefristen krevje skriftleg grunngiving for standpunktkarakterar, vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag og karakter på fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve. Dei som har klagerett, kan innanfor klagefristen krevje munnleg grunngiving for karakterar på munnlege eksamenar og eksamenar som ikkje berre er skriftlege eller munnlege. Grunngivinga etter første og andre ledd skal givast av ein lærar, ein av sensorane, prøvenemnda eller dei som har fastsett karakteren på praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Dei som har vore oppe til skriftleg eksamen, har ikkje rett til å få karakteren grunngitt. Når karakteren er fastsett, har dei likevel rett til å få kopi av sine eigne eksamenssvar og eventuelle retningslinjer som er utarbeidde for sensorane.

Personer med klagerett kan be om begrunnelse for standpunktkarakterer, fag- og sveineprøver samt enkelte eksamener. Ved skriftlig eksamen kan man ikke få begrunnet karakter, men har rett til kopi av egne svar og sensorveiledning.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 10-3 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →