Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 12-10. Krav for å bli tilsett i stilling som morsmålslærar

Opplæringsforskrifta·Kapittel 12. Personalet i skolen

Krav for å bli tilsett i stilling som morsmålslærar

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast som morsmålslærar, har kompetanse som nemnd i andre eller tredje ledd. Ein morsmålslærar med eit anna morsmål enn eleven må ha bestått universitets- eller høgskoleutdanning med totalt minst 90 studiepoeng i eleven sitt språk. Læraren må også ha pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1. Læraren må ha god kjennskap til den kulturelle bakgrunnen til eleven. Ein morsmålslærar med same morsmål som eleven må dokumentere gode norskkunnskapar. I tillegg må læraren ha bestått ei av følgjande utdanningar: a) universitets- og høgskoleutdanning som omfattar språket og kulturen til eleven i eit omfang på minst eitt og eit halvt år, og som har ei samla lengd på minst tre år, inklusive pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1 b) lærarutdanning på morsmålet til eleven eller frå heimlandet til eleven c) treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Ved tilsetjing av morsmålslærarar i dei nasjonale minoritetsspråka det ikkje finst studietilbod for i Noreg, kan kommunen og fylkeskommunen gjere unntak frå krava for tilsetjing.

Kommunen og fylkeskommunen må sikre at morsmålslærarar har fastsett kompetanse. Krava varierer etter om læraren har same eller anna morsmål enn eleven. Det kan gjerast unntak for nasjonale minoritetsspråk utan studietilbod i Noreg.AI

Se ogsåOpplæringsforskrifta § 12-1referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 12-10 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →