Forskrift
Nynorsk
§ 3-1. Kven som har rett til å røyste om skifte av hovudmål
Opplæringsforskrifta·Kapittel 3. Rådgivande røysting om skifte av hovudmål i grunnskolen og saksbehandling ved godkjenning av privat grunnskole
Kven som har rett til å røyste om skifte av hovudmål
Rett til å røyste om skifte av hovudmål i grunnskolen har alle som oppfyller desse tre vilkåra:
a) Dei bur i det området som soknar til skolen etter opplæringslova § 2-6.
b) Dei har røysterett etter valgloven § 2-2.
c) Dei står innførte i folkeregisteret som busette i kommunen den 30. dagen før røystemøtet.
Røysterett har også foreldre til
a) barn på 1. til 7. trinn ved skolen
b) barn som er tildelte skoleplass på 1. til 7. trinn ved skolen.
Kravet om å komme med som røystefør forelder må vere levert til eller fremja for kommunen seinast tre veker etter at røystinga er kunngjort første gong.
Reglene bestemmer hvem som kan stemme over valg av hovedmål i grunnskolen. Dette gjelder personer som bor i skolens område og har stemmerett ved valg, samt foreldre til barn på 1. til 7. trinn.AI
Sammenheng
Koblinger for § 3-1 i opplæringsforskrifta.