Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4-1. Kven som har rett til vidaregåande opplæring

Opplæringsforskrifta·Kapittel 4. Inntak til vidaregåande opplæring

Kven som har rett til vidaregåande opplæring

Dei som har vitnemål for fullført norsk grunnskole eller dokumentasjon på tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første ledd. Kravet om tilsvarande opplæring er oppfylt for a) dei som er skrivne ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-2 tredje ledd b) dei som har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst ni år c) dei som har realkompetanse tilsvarande fullført førebuande opplæring for vaksne etter opplæringslova § 18-2 og denne forskrifta § 15-26 d) dei som har fullført grunnskolen gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen, jf. opplæringslova § 22-5. Dei som har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet, må sjølve dokumentere eller sannsynleggjere at dei oppfyller vilkåra etter bokstav b. Dersom fylkeskommunen finn at ein søkjar ikkje oppfyller vilkåra etter bokstav b, må det avklarast om søkjaren oppfyller vilkåra etter bokstav c. Dersom det er kommunen som skal avklare dette etter tredje ledd, skal fylkeskommunen sende saka til kommunen. Kommunen avgjer om ein søkjar har realkompetanse tilsvarande fullført førebuande opplæring etter bokstav c eller treng meir førebuande opplæring. Når fylkeskommunen har ansvar for førebuande opplæring, har fylkeskommunen tilsvarande ansvar for å gjennomføre realkompetansevurdering.

Personar som har fullført grunnskolen i Noreg eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring. Dette inkluderer også dei som har gått på skule i utlandet eller har dokumentert realkompetanse.AI

Se ogsåOpplæringslova § 5-1 første leddOpplæringslova § 2-2Opplæringslova § 18-2Opplæringsforskrifta § 15-26referert av 4

Sammenheng

Se også5
Referert av4

Koblinger for § 4-1 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →