Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-11. Undervegsvurdering i fag

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering

Undervegsvurdering i fag

All vurdering som blir gjord før opplæringa er avslutta, er undervegsvurdering. Undervegsvurderinga i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og ho skal tene til å fremje læring, auke kompetansen i faga og gjere opplæringa betre tilpassa den enkelte. Undervegsvurderinga kan vere munnleg, skriftleg eller begge delar. I undervegsvurderinga i fag skal elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar a) delta i vurderinga av sitt eige arbeid og reflektere over si eiga læring og faglege utvikling b) forstå kva dei skal lære, og kva som blir venta av dei c) få vite kva dei meistrar d) få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin. Undervegsvurderinga skal brukast til å vurdere om elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 11-2. Elevar og lærekandidatar som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal ha undervegsvurdering ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 11-10.

Vurderinger som gjøres i løpet av opplæringen skal bidra til læring og tilpasses hver enkelt. Vurderingene kan være muntlige eller skriftlige, og skal hjelpe eleven med å utvikle sin kompetanse.AI

Se ogsåOpplæringslova § 11-2Opplæringslova § 11-10referert av 1

Sammenheng

Se også2
Referert av1

Koblinger for § 9-11 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →